Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:450 (2022-2023)
Innlevert: 18.11.2022
Sendt: 18.11.2022
Besvart: 24.11.2022 av klima- og miljøminister Espen Barth Eide

Birgit Oline Kjerstad (SV)

Spørsmål

Birgit Oline Kjerstad (SV): Meiner statsråden at det er forsvarleg å ta ut 4 ulveflokkar innanfor ulvesona når staten nyleg har tapt i to rettsrunder for uttak av ulv i ulvesona?

Begrunnelse

Rovviltnemndene for region 4 og region 5 har vedteke at ulvar i fire revir inne i ulvesona skal avlivast, og at det skal opnast for uttak av 14 ulvar utanfor ulvesona. Det vert med dette lagt opp til å skyte alle ulvane i grenserevira Ulvåa, Juvberget og Kockohonka, i tillegg til ulvane i det heilnorske Mangenreviret.
Staten har så seint som i sommer tapt for andre gong i retten i sak om uttak av ulv innanfor ulvesona. Det vil seie at staten er dømt for ugyldig lovpraksis ved å ha gitt grønt lys til å skyte kritisk trua ulv inne i ulvesona der ulven skulle ha prioritet og fått vere i fred.
Eit nytt uttak inne i ulvesona vil kunne bryte med naturmangfaldslova og Bernkonvensjonen. Stortinget vedtok å opprette ulvesona i 2004. Formålet med ulvesona er at ulven skal kunne få leve i fred inne i sona. I 2018 endra regjeringa imidlertid praksisen ved å åpne for uttak av ulv inne i ulvesona. I et skriftlig spørsmål stilt av representanten Arne Nævra i juni 2021 om ulv i ulvesonen svarer dåverende klima- og miljøminister fylgjande: “Basert på denne kunnskapen har talet på heilnorske ynglingar innanfor ulvesona ikkje stor påverknad på skadeomfang på beitedyr utanfor ulvesona. Heller ikkje erfaringane vi har mellom ulike år med ulik storleik på ulvebestanden innafor ulvesona tyder på at det er ein klar samanheng mellom talet på ynglingar i ulvesona og skadeomfanget utanfor ulvesona.” Med andre ord så har ulven i ulvesonen lite å seie for beitedyra.
I dag så er den sør skandinaviske ulven kritisk trua, den står på lista over raudlista artar. Dette inneber at vi har eit særskilt ansvar for dette rovdyret. Rovviltnemdene bruker bestandsmålet som eit argument for å ta ut ulv, medan internasjonalt forstår ein «bestandsmål» for trua artar som eit minimumsmål, altså at dyra må være minst så mange for at det skal vere mogleg for arten å kome ut av statusen som trua art. Dersom ein ynskjer ein sunn og levedyktig bestand av art, må det finnast nok genetisk variasjon og mange nok individ til at arten kan overleve. I Norge er det altså utvikla ein praksis der bestandsmålet vert brukt som ei maksimumsgrense og dermed blir det aldri fleire individ enn at arten alltid vil vere kritisk trua.
Uttak av ulv inne i ulvesona kan ikkje grunngjevast med tap av sau og beitedyr. Ei anna.

Espen Barth Eide (A)

Svar

Espen Barth Eide: Som representant Kjerstad viser til i sin begrunnelse, har rovviltnemndene i region 4 (tidligere Østfold, Akershus og Oslo) og 5 (tidligere Hedmark fylke) vedtatt uttak av ulvene i fire revir innenfor ulvesonen. Vedtaket er påklaget til departementet og er for tiden under klagebehandling. Jeg kan derfor ikke uttale meg nærmere om forsvarligheten av et gitt uttak før saken er ferdig forberedt og det er fattet endelige vedtak om lisensfelling innenfor ulvesonen.
Når det gjelder representant Kjerstad sin henvisning til at staten nylig har tapt i to rettsrunder om uttak av ulv i ulvesona, viser jeg til at staten har anket Borgartings dom til Høyesterett, og at Høyesteretts ankeutvalg har sluppet saken inn til behandling. Borgartings dom er dermed ikke rettskraftig.