Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:478 (2022-2023)
Innlevert: 22.11.2022
Sendt: 22.11.2022
Besvart: 25.11.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Korleis vil samferdselsministeren rigge arbeidet med utforming av neste Nasjonal Transportplan slik at organisasjonslivet og sivilsamfunnet på ein reell måte kan bidra inn i arbeidet med å utvikle ein berekraftig NTP 2025-2036?

Begrunnelse

I arbeidet med Nasjonal transportplan har transportetatane ei sentral rolle, mellom anna med å gjennomføre analyser og tilføre grunnkunnskap om transportutviklinga.
Sidan NTP utgjer ein så viktig del av samfunnsutviklinga, er det heilt avgjerande at også organisasjonar frå sivilsamfunnet får delta i prosessen på ein høveleg måte. Det gjer at vi får løfta viktige samfunnsspørsmål knytt til transportplanen, slik som miljø og klima. Det vil også skape betre forankring i samfunnet at organisasjonar frå sivilsamfunnet får ta del i arbeidet.
No har regjeringa bestemt at neste NTP skal leggast fram i 2024, eitt år tidlegare enn vanleg. Det gjer at det blir mindre tid til arbeidet før fremjinga av ny NTP for Stortinget. Dette, saman med tilbakemeldingar om for lite involvering av aktørar utanfor dei statlege transportetatane i forkant av gjeldande NTP, gjer at Venstre ønskjer å vite korleis Samferdselsdepartementet og ministeren vil sikre samfunnet sine innspel i prosessen som no pågår fram mot framlegging av ny NTP i 2024.
Dette handlar dels om at prosessen må bli meir transparent. Materialet frå transportetatane i førre runde var svært omfattande, fragmentert og fagleg krevjande. Det kan lett skape ein type demokratisk utanforskap, der mange aktørar utanfor dei tunge statlege fagmiljøa verken har spissa nok kompetanse eller ressursar til å setje seg inn i og vurdere materialet frå transportetatane. Det kan gjere at viktige innspel går tapt.
I førre NTP-runde var det også slik at sentrale deler av transportetatane sine vurderingar, spesielt det som gjekk på berekning av klimaeffektar og energieffektivitet, ikkje var ferdig då høyringsfristen gjekk ut. Med tanke på kor viktig reduksjon av utsleppa frå transportsektoren er for å redusere norske klimautslepp samla, er det svært uheldig. Heile 60 prosent av utsleppa i ikkje-kvotepliktig sektor kjem frå transportområdet.
Tidlegare la transportetatane fram ein heilskapleg plan som var på høyring før departementet utforma endeleg forslag til NTP. Om det er mulig å gjere med den tidsplanen som regjeringa no har lagt, er uklart, men det er uansett svært viktig at ein legg til rette for sterkare involvering og medverknad frå aktørar i sivilsamfunnet på eit tidlegast mulig tidspunkt i NTP-prosessen.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Det er sjølvsagt viktig for regjeringa at plangrunnlaget til neste nasjonale transportplan (NTP) blir godt forankra. Sjølv om det er bestemt at NTP skal leggast fram i 2024, eitt år tidlegare enn vanleg, er det viktig for meg at både organisasjonsliv og sivilsamfunn blir involverte og får medverke i prosessane som no pågår.

Samferdselsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet vil mellom anna halde eit innspelsmøte vinteren 2023. Her vil representantar frå miljørørsla, fagforeiningar, arbeidsgivarforeiningar, brukar og -bransjeorganisasjonar og andre interesseorganisasjonar bli inviterte til å gje sine innspel. Svara på dei to oppdraga Samferdselsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet har gitt til dei statlege transportetatane vil òg leggast ut på offentleg høyring fram mot sommaren 2023. Her vil både organisasjonsliv og sivilsamfunn kunne gje sine innspel.

Me har òg invitere fylkeskommunane, dei fire største byane, Sametinget og næringsliv til et tilsvarande seminar 12. desember 2022. Med desse aktørane vil vi også ha regionale møter hausten 2023. Eg oppfattar at fylkeskommunane òg har deira eigne innspillmøte kor både organisasjonsliv og sivilsamfunn har høve til å påverke kva dei regionale myndigheitene spel inn til departementa.

I tillegg til prosesser i regi av departementa, har dei statlege transportetatane halde eit eige innspelsmøte og deltatt på andre møte med eit bredt spekter av brukar- og interesseorganisasjonar. Det bidreg til at deira innspel blir høyrde inn i transportetatane sitt arbeide.

Det er viktig for departementa at prosessen med ny NTP er transparent. Difor blir oppdrag frå departementa til transportetatane og svar me mottar, inkludert frå den offentlege høyringa, lagd ut og er offentleg tilgjengeleg på www.regjeringen.no. Opplegget med offentlege delrapportar og -svar, som blei innførte med førre NTP-prosess og vidareført no, gir mogelegheit for mykje innsyn undervegs i prosessen. Eg meiner prosessen i seg sjølv ikkje hadde blitt meir transparent av at transportetatane hadde levert eit heilskapleg plangrunnlag, slik representanten Bjørlo antydar.

I førre NTP-runde fekk dei statlege transportetatane ein rekke deloppdrag frå departementet, slik at materialet frå etatane var svært omfattande. Denne gongen har me berre gitt to oppdrag. Talet på leveransar bør dermed òg bli meir oversiktleg.

Oppsummert legger regjeringa opp til at arbeidet med neste nasjonale transportplan skal være transparent, og at organisasjonslivet og sivilsamfunnet får godt høve til å involvere seg og medverke i prosessane som no pågår.