Grete Wold (SV): Då Frp leia justisdepartementet fekk UDI instruks om å vurdere tilbakekall av opphaldsløyvet til 150 eritrearar med bakgrunn i bilete som viste at flyktningar hadde delteke på arrangement saman med representantar for eritreiske styresmakter.
Vil justisministeren bruke knappe ressursar på å gjennomføre Frp politikken eller trekke instruksen tilbake?
Begrunnelse
September 2019 publiserte NRK nyheitsoppslag som viste at norsk-eritrearar feira nasjonaltenesten i Eritrea saman med ein høgtståande person frå dei eritreiske styresmaktene. Ifølgje NRK kan det ha vore eritreiske flyktningar til stades. Ifølgje Justisdepartementet har fleirtalet av dei eritrearane som har fått opphaldsløyve i Noreg vore i tenestepliktig alder og fått innvilga vern fordi eritreiske styresmakter kan kome til å sjå dei som desertørar ved retur. Ifølgje tidlegare justisminister Kallmyr ville det vere aktuelt å kalle tilbake opphaldsløyve blant eritreiske flyktningar som hadde delteke på arrangement til støtte for dei same styresmaktene som dei hadde søkt vern frå. Justisdepartementet sendte derfor brev til UDI med instruks om å ta stikkprøver blant dei 150 asylsakene for å vurdere grunnlag for tilbakekall.
Dei 150 eritrearane har fått sine søknadar grundig handsama og UDI har konkludert med at dette er personar som treng vern. Med instruksen frå justisdepartementet mistenkeleggjerast ei stor gruppe personar på grunnlag av enkeltsaker publisert i media. I den grad eritreiske flyktningar har hatt kontakt med eritreiske styresmakter må dette også sjåast i ljos av behovet for å ha kontakt med og sende pengar heim til familie i Eritrea.