Sveinung Rotevatn (V): Kva er bakgrunnen for at heile 200 personar vart gjort kjent med den børssensitive informasjonen om innføring av grunnrenteskatt på havbruk før informasjonen vart gjort offentleg kjent?
Begrunnelse
I Dagens Næringsliv (DN) 28. november kjem det fram at svært mange personar både innanfor og utanfor regjeringsapparatet hadde kjennskap til at regjeringa ville foreslå innføring av grunnrenteskatt for havbruk før dette vart gjort kjent den 28. september d.å.
Børssensitiv informasjon i regjeringsapparatet blir normalt behandla på ein "need to know"-måte, der berre dei som treng å vite om informasjonen for å kunne ta avgjersla og utforme forslaga er involvert i prosessen, og blir ført opp på innsidelister. I DN-artikkelen kjem det fram at langt fleire var gjort kjent med informasjonen i dette tilfellet, herunder 10 stortingsrepresentantar, inkludert leiaren for eit opposisjonsparti, samt Arbeidarpartiets partisekretær, som verken er ein del av regjeringa eller medlem av Stortinget.
På bakgrunn av ein kronikk frå statsministeren, utsatt lakseauksjon, påfølgande spekulasjon i media og innkalling til pressekonferanse med børsen framleis var open, kan DN fortelje at fleire investorar selde unna havbruksrelaterte aksjar i forkant av offentleggjeringa, og tente store pengar på dette.
I lys av at børssensitiv informasjon må behandlast med stor diskresjon innad i ei regjering, er det interessant å vite kvifor finansministeren såg behov for at hundrevis av menneske måtte kjenne til forslaget på førehand, og kva risikovurderingar som er gjort i så måte.