Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:571 (2022-2023)
Innlevert: 30.11.2022
Sendt: 30.11.2022
Besvart: 05.12.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren oppdatere kva status er på prosjektet nytt Veibustkryss på E-39 i Sula Kommune i Møre og Romsdal?

Begrunnelse

Veibustkrysset i E-39 i Møre og Romsdal, er eit av dei mest ulykkesutsatte vegområda i Møre og Romsdal.
I mange år har Statens vegvesen arbeidd med muligheita for å kunne utbetre dette krysset, slik at ein unngår ulykker og at spesielt næringstrafikken klarer å kome seg inn på E-39 på ein forsvarleg måte.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: E39 Veibustkrysset i Sula kommune sør for Ålesund har høg og aukande trafikk. Dette gjer det utfordrande å ha tilstrekkeleg trafikktryggleik med dagens løysing. Det gjer det også utfordrande å sikre god framkomst for næringslivet sine transportar. Dagens kryssløysing hindrar vidare utvikling av industriområdet på Veibust.
Det vart i statsbudsjettet for 2021, jf. Innst. 13 S (2020-2021), løyva 5 mill. kr til planlegging av krysset. Statens vegvesen held, saman med Sula kommune, no på å utarbeide reguleringsplan for krysset. Planforslaget er lagt ut på offentleg ettersyn. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har gitt innsigelse til planforslaget. Det pågår mekling mellom Sula kommune som tiltakshavar og Statsforvaltaren for å finne gode løysingar for handtering av utfordring med støy.
Statens vegvesen har i sin gjennomføringsplan 2022-2027 prioritert midlar til utbetring av krysset. Gjennomføringsplanen vert revidert kvart år. Tidspunkt for oppstart av prosjektet vil bli avklart gjennom denne rulleringa og dei årlege statsbudsjetta.