Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:714 (2022-2023)
Innlevert: 13.12.2022
Sendt: 14.12.2022
Besvart: 22.12.2022 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Kan statsråden bekrefte at Fitjar kommune ikke vil tape småkommunetilskuddet og ekstra støtten til ressurskrevende brukere om mottak av flyktninger etter anmodning fra regjeringen er grunnen til at kommunen overstiger 3 200 innbyggere?

Begrunnelse

Fitjar kommune har per i dag en befolkning på 3 184, og defineres som en småkommune. Kommunen mottar 7,25 millioner ekstra i årlige overføringer fordi de er en småkommune. Kommunen har i 2023 en forventet kostnadsramme på 42,6 millioner i forbindelse med ressurskrevende tjenester, og anslår refusjon for disse kostandene til tjenesteytingen til netto opp mot 22 millioner kroner. Kommunen har budsjettert for at de vil få et tilleggskompensasjon på 4,1 millioner kroner siden de er en småkommune. Kommunen tok i 2022 imot 30 flyktninger fra Ukraina. Fitjar kommune har blitt anmodet om å ta imot flere flyktninger slik som andre kommuner rundt om i landet. Dersom dette mottaket medfører at kommunen overstiger 3 200 innbyggere faller over 7 mill. om det ikke finnes en løsning. I Dagbladet 12. november svarer statsråden mellom anna:

«Regjeringens klare målsetting er at kommuner som tar imot flyktninger ikke skal tape økonomisk på dette».

Det er positivt og naturlig at en kommune som Fitjar ikke skal risikere et stort tap.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Kommunane gjer ein svært viktig jobb med å ta imot og busetje svært mange flyktningar på kort tid, og eg er imponert over kva dei har fått til. Regjeringa er opptatt av å setja kommunane best mogleg i stand til å ta imot flyktningane på ein god måte. Regjeringa si klare målsetjing er at kommunar som tek imot flyktningar ikkje skal tape økonomisk på dette, og kommunane mottek blant anna tilskot for kvar person dei buset. Samtidig er vi opptekne av tett dialog med kommunane om særskilte situasjonar som kan oppstå for einskildkommunar og korleis desse kan løysast.
Kommunar som buset flyktningar får i dag integreringstilskot i fem år for kvar person dei buset. I tillegg kjem ei auke i skatteinntekter og rammetilskot på grunn av at innbyggjartalet i kommunen går opp. Så er det enkelte ordningar i og utanfor inntektssystemet som har nokre grenseverdiar for når ein kommune mottek ekstra tilskot, for å ivareta dei aller minste kommunane særskilt. Dette gjeld blant anna småkommunetillegget i rammetilskotet til kommunane, og tilleggskompensasjonen i det øyremerka tilskotet til ressurskrevjande tenester. I desse ordningane, som i dei andre delane av inntektssystemet, er det talet på folkeregistrerte personar i kommunen som blir nytta. Ein auke i innbyggjartalet vil kunne gje ulike utslag i ulike ordningar, og det er for tidleg å seie korleis dette samla sett vil slå ut for den enkelte kommune sine inntekter. I tillegg er det ei overgangsordning i inntektssystemet, som sikrar at kommunen ikkje får ein brå nedgang i inntekter frå eit år til det neste.
Den situasjonen vi har no med eit stort tal på flyktningar gir ekstraordinære utfordringar som vi må følgje med på, og vi er som sagt opptekne av å ha tett dialog med kommunane om særskilte situasjonar som kan oppstå for einskildkommunar og korleis desse kan løysast.