Alfred Jens Bjørlo (V): Vil kommunalministeren sørge for at det blir lagt til rette for utvida, fleksibelt kontorareal for statstilsette som vil arbeide desentralisert i nye «Statens Hus Stad» og andre aktuelle pilotkommunar for «Statens Hus i distrikts-Noreg», i tråd med føringane i tildelingbreva for statlege institusjonar i 2023 om auka bruk av desentralisert arbeid i alle statsetatar knytt opp mot lokale kontorfelleskap og felles arbeidsmiljø?
Begrunnelse
I tildelingsbreva for statlege institusjonar for 2023 pålegg Regjeringa alle statlege institusjonar å legge til rette for auka bruk av desentralisert arbeid, «..med det formål å oppnå mer desentralisering av statlige arbeidsplasser og styrke lokale fagmiljø, som kan gi distriktspolitisk gevinst». Det blir også slått fast i tildelingsbreva at «Slikt desentralisert arbeid bør fortrinnsvis kombineres med muligheten til å tilhøre et lokalt kontorfellesskap der det er tilgjengelig.»
Stad kommune i Vestland vart i 2020 vald ut som éin av fire nasjonale pilotkommunar for ein ny modell for "Statens Hus i distrikts-Noreg». Måla med den nasjonale pilotordninga er m a eit styrka og meir samla fagleg offentleg kompetansemiljø i distrikta, å gjere det enklare å halde på og rekruttere kompetanse i statlege etatar på mindre stadar og at fleire statsetatar kan rekruttere og tilsette folk desentralisert.
Eitt av delprosjekta i piloten i Stad er samlokalisering av dagens avdelingskontor av NAV, Politiet og Skatteetaten. Det er utarbeidd prosjekt- og gevinstrealiseringsplan for samlokaliseringa. Prosjektet svarar ut den nasjonale pilotordninga sine samfunnsmål, i tillegg til å løyse etatane sine behov for nye lokale. Konkurransegrunnlaget for samlokalisering og leige av lokale er utarbeidd med bistand frå Statsbygg og planlagt utsendt i januar 2023 med innflytting i slutten av 2024.
I samband med arbeidet har den lokale prosjektgruppa tilrådd at ein nyttar høvet til å etablere «Statens Hus Stad» som node for fleksibel arbeidsstad og arbeidsdag for statlege tilsette også i andre etatar, ut frå same logikk som i regjeringa sitt tildelingsbrev til statsetatane for 2023.
Til no har ikkje politisk leiing i KMD synt interesse for dette (jmf. orienteringssak til Stad kommunestyre 15/12-22).
Dersom det ikkje raskt kjem signal frå KMD om at fleksibelt kontorareal for statleg tilsette som vil jobbe desentralisert skal vere ein del av den nasjonale piloten «Statens Hus Stad», vil regjeringa gå glipp av eit sjeldant godt høve til å gjere ord til handling i distriktspolitikken. Eg vonar difor at Kommunalministeren sørger for at dei departementale beina blir parra i arbeidet med ein meir staduavhengig statleg lokaliseringspolitikk i "Statens Hus Stad", og ikkje snublar i startstreken.