Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:838 (2022-2023)
Innlevert: 27.12.2022
Sendt: 02.01.2023
Besvart: 06.01.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Er statsråden positiv til frikommuneforsøk innenfor plan- og bygningsloven?

Begrunnelse

Kommunal-rapport oppsummerte 21. desember ulike kommuner sine initiativ i frikommuneforsøket som det jobbes med. Narvik, Sandnes og Bø er kommuner som alle har tatt tidlige initiativ. Det er innenfor området plan- og bygningsloven engasjementet ser ut til å bli størst. FrP støtter mer kommunalt selvstyre på dette feltet og er åpen for forsøk som kan føre til dette.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Eg meiner offentleg sektor heile tida bør syte for å fornye seg, og forsøk er ein fin ordning for forvaltninga til å prøve ut nye metodar i si sakshandsaming. Erfaringar frå forsøk i ein kommune kan kome til nytte i andre kommunar. Regjeringa arbeider no med sikte på å etablere ei frikommuneordning innanfor gjeldande forsøksheimlar. Dette har vi også omtala i Prop. 1 S (2022-2023). Vi tar sikte på å invitere kommunar og fylkeskommunar til å søkje om deltaking i forsøk innanfor utvalde lovområder, og plan- og byggesakshandsaming er nemnd som eit aktuelt lovområde for forsøk.
Kommunal- og distriktsdepartementet kan etter ei vurdering av søknadene gi unntak frå gjeldande lovkrav med heimel i forsøkslova eller forsøksheimlar i særlover. Forsøk er ein metode for forvaltningsutvikling der offentleg forvaltning får fritak frå krav i lov eller forskrift for å kunne teste ut nye arbeidsformer. Mål for forsøk kan være å utvikle funksjonelle og effektive organisasjons- og driftsformer i offentleg forvaltning, forbetre offentleg tenesteyting til borgarane og utnytte ressursane betre. Fellestrekk for forsøk er at nye arbeidsformer blir testa ut i liten skala, og at erfaringane frå forsøket kan gje grunnlag for å vurdere om endringa skal gjerast for alle.
Det er likevel ikkje heilt fritt fram til å gjerne unntak frå gjeldande rett i plan- og bygningslova. Det kan blant anna ikkje gjerast forsøk som inneberer avvik frå grunnleggjande reglar om organisering av kommunar og fylkeskommunar, sentrale saksbehandlingsregler eller anna som vil innebere en innskrenking av rettighetar eller utviding av pliktar for enkeltpersonar.