Alfred Jens Bjørlo (V): Har Noreg levert inn tilbod på å stille med transport- og logistikkkapasitet i rescEU for perioden 2023-2026 i EU-kommisjonen si utlysing av innkjøp av slik kapasitet sendt ut i juni 2022, og i tilfelle ikkje, kvifor?
Begrunnelse
RescEU er EU si felles ordning for sivil katastrofeberedskap, der ein har bygd opp felles ressursar og kapasitetar som kan setjast inn i alvorlege krise- og katastrofesituasjonar i Europa, fullfinansiert av EU.
Noreg deltek i ordninga m a ved at vi stiller til disposisjon eit spesialisert ambulansefly for transport av pasientar med krevjande medisinske behov, og i tillegg eitt anna fly brukt til pasienttransport. Denne flykapasiteten har vore særskilt viktig i 2022 på grunn av krigen i Ukraina. Noreg har hatt ei avtale med EU om å bidra med å transportere ukrainske pasientar til sjukehus rundt om i Europa. Denne avtalen varte i utgangspunktet ut oktober 2022, men er forlenga for ein avgrensa periode vidare.
Dei norske ambulanseflya har så langt frakta rundt ein firedel av alle pasientar frå Ukraina som er evakuert til behandling i andre europeiske land. Det er difor all grunn til å seie at det norske bidraget i rescEU har vore viktig for den samla europeiske innsatsen for å hjelpe Ukraina i den tragiske krigen som pågår.
Sidan dagens avtaler om transportkapasitet i rescEU er kortvarige, sende EU-kommisjonen i juni 2022 ut ein invitasjon til alle land som i dag bidreg i samarbeidet om å stille med transport- og logistikk-kapasitet i RescEU – med hovudvekt på ambulanseflykapasitet slik Noreg leverer i dag - etter ei samla avtale for perioden 2023-2026. Fristen for å levere inn tilbod var i september.
Underteikna ønskjer å vite om Noreg har levert inn tilbod til EU-kommisjonen på å stille med transport- og logistikkapasitet til rescEU for perioden 2023-2026 med hovudvekt på ambulanseflykapasitet av den type Noreg leverer pr. i dag, og kva status for tildelinga av kontrakten er. I tilfelle Noreg valde ikkje å levere inn tilbod, noko som vil vere relativt overraskande sett i lys av at vi leverer denne kapasiteten i dag, ønskjer eg å vite kva vurdering regjeringa har gjort som bakgrunn for å seie nei til å levere ei slik viktig felleseuropeisk teneste vidare i ei kritisk tid for Ukraina og europeisk tryggleik.