Frank Edvard Sve (FrP): Vil helseministeren gripe inn og faktisk hindre at Mork rehabiliteringssenter vert lagt ned, og flytta til Ålesund?
Begrunnelse
Administrerande direktør Øyvind Bakke i Helse Møre og Romsdal orienterte styret i helseføretaket om at det vil bli lagt fram sak om å flytte plassane frå Mork rehabiliteringssenter til Ålesund og ikkje til Volda sjukehus. Det betyr i realiteten ei nedlegging av Mork rehabiliteringssenter.
Den opphavlege planen til Helse Møre og Romsdal var at Mork rehabiliteringssenter skulle flyttast til nybygg ved Volda sjukehus, men ifølgje Bakke er vedlikehaldsetterslepet i helseføretaket årsaka til at forslaget om flytting til Ålesund no kjem på bordet.
Mork rehabiliteringssenter har vore eit svært godt tilbud i Møre og Romsdal og spesielt for Søre Sunnmøre, og det har fleire gongar vore sterke engasjement for å bevare dette viktige tilbudet ved Mork.