Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:862 (2022-2023)
Innlevert: 04.01.2023
Sendt: 04.01.2023
Besvart: 11.01.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kva tiltak vil samferdselsministeren sette i verk for at bilistene bruker dei sikrast dekka både på vinter og sommer, og premierer dei som bruker sikre, gode piggdekk om vinteren, og vil ministeren arbeide for å til dømes kunne kutte avgifter på dei sikraste vinterdekka piggdekk?

Begrunnelse

I Oslo er det piggdekkavgift og her får altså bilister som velger det tryggeste dekket gebyr og bot.

«Eg køyrer fra Sunnmøre over Strynefjellet til Oslo, og det er alltid vekslende føre på denne strekningen, og ofte nullføre og is i lavlandet.
-Ingen vil noen gang klare å få meg til å køyre piggfritt.»

No i lengre tid har vi sett tragiske tilstander på veiene i store deler av landet, ved nullføre, underkjølt regn og såpeglatt. Fleire alvorlige ulykker, kjedekollisjon, og vi ser videoer av biler som «seiler sin egen sjø» i ulike medier.
Heimesykepleien sliter i Oslo og kommer seg ikke frem til de som trenger hjelp, noe som selvsagt er alvorlig.
Slike kommunale biler burde ha firehjulstrekk og sjølvsagt piggdekk, og bør ha tilgang til lettkjetting.
Piggdekk har vesentlig kortare bremselengde eller piggfrie dekk, i 50 km/t stopper ett nordisk piggdekk på 43 m, piggfrie dekk har bremselengd på heile 60 m.
Europeiske dekk har enda lengre bremselengd.

«Med piggdekk stopper altså bilen fire billengder før piggfrie dekk.»

«Min bil er ca. 5 år, og bikker om nokre veker 300 000 km, jeg køyre også nokre andre biler i familien. Når en er så mye på veien ser ein mye rart, der min bil med nye piggdekk sitter godt, driver andre som "Bambi på isen"».

Piggfri dekk er heilt supert på kaldt og godt vinterføre, og har etter hvert blitt gode. Derimot når disse ikke opp til piggdekk på vanskelige kjøreforhold.
Det er også fleire som køyrer piggfrie vinterdekk heile året, då får dei stort sett livsfarlige sommerdekk med dårlige egenskaper for dette, og senere etter sommerbruk, ubrukelige knallharde piggfrie vinterdekk.
FrP ønsker å fjerne piggdekkavgiften, også fordi dette er enda en skattelegging av bilister som faktisk velger det mest trafikksikre dekkalternativet på krevende kjøreforhold.
Folk må kunne velge selv hva type dekk en bruker, etter sitt behov.
Trafikksikkerhet er og blir det viktigste, da burde Oslo holde seg for gode til å bøtelegge trafikktrygge dekkalternativ.
Talla for trafikkdrepte i 2022 har no kome og 118 personer har mista livet i trafikken sist år. Dette er tragiske og svært alvorlige tall, og alle steiner må snues for å hindre ulykker i trafikken.
Korleis bilene er skodd er svært viktig, og må få større fokus.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Det viktigaste for trafikktryggleiken er at bilistane brukar dekk som eignar seg på det gjeldande føret.
I forskrift om bruk av køyretøy er det bestemt at køyretøy ikkje må brukast utan at dei er sikra med tilstrekkeleg veggrep med tanke på føret, om nødvendig ved bruk av vinterdekk med eller utan piggar, kjetting eller liknande. Det er føraren som er ansvarleg for å fylgje desse krava til ein kvar tid. Det er òg sett minstekrav til mønsterdjupleiken til dekket.
Kva slags dekk som er naudsynt for å sikre tilstrekkeleg veggrep vil variere etter kor du køyrer i landet, kva slags veger du køyrer på, og som vi har sett tydeleg den siste tida – veret. Fart og anna køyreåtferd påverkar og veggrepet. Det finst ikkje eit dekk som er best på alle føre – og det er den einskilde bileigar og førar som er nærast å vurdere kva for dekk som er best for seg og sitt bruk.
Vi har hatt særlege utfordringar med tunge køyretøy på vinterføre og har difor dei seinare åra skjerpa krava til vinterdekk for tungbil med å krevje «3 peak mountain snowflake»-dekk på styrehjul og drivhjul. I kontrollsamanheng gjer ein og fysisk inspeksjon av dekka med tanke på det gjeldande føret. Her har vegvesenets kontrollørar lang erfaring og svært god kompetanse.
Statens vegvesen deltek og i det internasjonale arbeidet på dekkområdet, og arbeider vidare med å utvikle fleire og betre krav til grep på snø og is i dekkmerke-ordninga.
Når det gjeld avgift på piggdekk, så er det berre i byer med gebyrsone grunna miljøkrav det er avgifter for piggdekk. Utanfor slike soner er det ikkje avgift for bruk av piggdekk, og det er som regel utanfor desse byane det er føre kor piggdekk kan gi betre grep.
Reglane som gir grunnlag for at det lokalt kan krevjast piggdekkgebyr er eit tiltak som i hovudsak skal redusere dei negative konsekvensane svevestøv frå vegtrafikk har når det gjeld sjukdom og død av hjarte,- kar- og luftvegslidingar. Eg ser ikkje grunn til oppheve eller endre desse reglane og viser til mitt brev 16. november 2022 til representantforslaget - Dokument 8:32 S (2022-2023).