Skriftlig spørsmål fra Tage Pettersen (H) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:940 (2022-2023)
Innlevert: 10.01.2023
Sendt: 11.01.2023
Besvart: 18.01.2023 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Tage Pettersen (H)

Spørsmål

Tage Pettersen (H): Hva vil statsråden gjøre for å sørge for at Bufdir har nødvendig informasjon, kunnskap og innsikt over dødsfall blant barn og unge som mottar tjenester av barnevernet?

Begrunnelse

Aftenposten har avdekket at det ikke er standard praksis at Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet gransker alle dødsfall som skjer med barn og unge som mottar tjenester eller behandling av barnevernet. Denne kunnskapen fortjener de pårørende og tjenestene trenger denne for å forbedre seg og forebygge at tilsvarende vil skje i fremtiden.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Det er ei stor og prioritert oppgåve å sikre at alle barn i barnevernet får den hjelpa dei treng og å førebygge alvorlege hendingar. Når det likevel skjer dødsfall eller andre alvorlege hendingar, er det svært viktig at dei vert gjennomgått for å lære og førebyggje at slike hendingar skjer igjen. Ein føresetnad for å sikre god kvalitet i barnevernet er at det fins god informasjon, kunnskap og innsikt om tilbodet og om behova som barna har.
Eg har i denne saka innhenta ei skildring frå Barne-, ungdoms - og familiedirektoratet om korleis dei følgjer opp alvorlege hendingar. Bufetat følgjer opp alle opphold i institusjonane og alle opphold blir dokumenterte i saksbehandlingssystemet. Alle vesentlege dokument rundt kvart einskild barn blir dokumenterte.
Direktoratet har oppretta ei eiga eining i Bufetat mellom anna med ansvar for å godkjenne alle barnevernsinstitusjonar. Dei fører òg årleg etterfølgjande kontroll for å sikre at regelverket blir følgt, og at alle barn får forsvarlege tenester.
Direktoratet og Bufetat brukar eit avviks- og forbetringssystem for å registrere og følgje opp alle avvik og alvorlege hendingar. Alle alvorlege hendingar i institusjonar skal registrerast og rapporterast.
Eg vil òg vise til at Statens helsetilsyn og statsforvaltaren har ansvar for å føre tilsyn med barnevernsinstitusjonane. Formålet er å føre kontroll med at barnevernsinstitusjonane følgjer barnevernslova og forskrifter til lova. Tilsynet skal òg bidra til å styrkje kvaliteten i barnevernsinstitusjonane slik at institusjonen gir kvart enkelt barn forsvarleg omsorg og behandling. Vidare skal tilsynet bidra til at kvart enkelt barn blir behandla omsynsfullt og med respekt for den personlege integriteten sin, og at rettstryggleiken til barnet blir vareteken.
Det kjem fram av tilsynsforskrifta til ny barnevernslov at dersom statsforvaltaren får kunnskap om hendingar som inneber fare for liv eller helse, skal dette snarast mogleg følgjast opp. Det same gjeld dersom statsforvaltaren blir kjend med forhold som tilseier at barn ikkje blir gitt forsvarleg omsorg og behandling.
Direktoratet opplyser at det blir sett i verk kriseberedskap i samsvar med beredskapsplan og kriseleiing i Bufetat når alvorlege hendingar skjer. Rutinar og tiltak skal vareta både barna som er under omsorg, dei tilsette i barnevernet og pårørande. Regionen går gjennom kvar enkelt hending.
I tillegg til dei rutinane som allereie er etablert har direktoratet vedteke at det årleg skal utarbeidast ein analyse av alvorlege hendingar. Dette skal bidra til å sikre god dokumentasjon, best mogleg læring, og at ein vel rette tiltak.
Direktoratet arbeider òg med eit oppdrag frå departementet om å utvikle og setje i verk eit system for individuell risikovurdering og - handtering som sikrar at barn på barnevernsinstitusjon blir fanga opp når vurdert risiko aukar og at det blir sett i verk tiltak.
Hausten 2022 oppnemnte eg eit utval som skal greie ut institusjonstilbodet, med utgangspunkt i dei behova barn og unge i barnevernet har. Den overordna oppgåva for utvalet er å vurdere kva oppgåver, rammer og omfang institusjonsbarnevernet skal ha i framtida, for å hjelpe dei barna som treng det mest på ein god nok måte, og sikre barna ein trygg oppvekst og ei god utvikling. Utvalet skal gi utgreiinga i form av ein NOU med tilrådingar i oktober 2023.
Helsetilsynet har for 2023 fått i oppdrag å gi ei årleg framstilling av alvorlege hendingar og svikt som er blitt avdekt gjennom tilsynsrapportar, med tanke på læring.
Eg vil òg nemne at eg vil gje Statens helsetilsyn i oppdrag å gå gjennom alle tilfelle der barn med tilknyting til opphald i barnevernsinstitusjon har mista livet dei siste 5 åra. Formålet vil vere å avdekkje eventuell svikt og bidra til samfunnsmessig læring og utvikling slik at liknande tragiske hendingar kan unngåast.
Regjeringa har også vedtatt at det skal etablerast ein undersøkingskommisjon for alvorlege hendingar som skjer barn. Slik vil alvorlege hendingar i barnevernet, som dødsfall, i framtida bli granska eksternt.