Ove Trellevik (H): I Prop. 1 S (2022–2023) kan vi lese; «de som kan forventes å ha store inntekter som følge av høye strømpriser i år og neste år utover det som må sies å være normal fortjeneste, må dele noe av de ekstraordinære inntektene med fellesskapet. Dette gjelder også flere kommuner og fylkeskommuner, både som eiere av kraftverk og som vertskommunar som er mottakere av konsesjonskraft.»
Vil regjeringa sikre likebehandling av kosesjonskraft kommunane, og korleis vil regjeringa sikre at kommunane får behalde sin normale forteneste?
Begrunnelse
Den 22.12.2022 varsla regjeringa om kommunesektorens trekk i rammetilskot som følgje av konsesjonskraftinntekter. Denne står i stor kontrast til meldinga frå regjeringa 28.09.2022.
Konsekvensen no er at enkelte kommunar kan i teorien få høgare trekk i rammetilskot enn dei totalt har i faktiske konsesjonskraftinntekter.
Det som blir oppfatta som mest urimeleg er at regjeringa tilgodeser kommunar som gir konsesjonskrafta billig til sine innbyggarar eller næringsliv (i strid med premissane for ordninga), samt kor innbyggarane i tillegg hentar ut store inntekter i straumstøtte, som andre kommunar skal vere med å finansiere. Enkelte kommunar får 0 eller mindre frådrag i rammetilskotet, mens andre kommunar får eit enno større trekk enn konsekvensen av det som opphaveleg var varsla.
Eit eksempel er Hol kommune. Dei har i sin økonomiplan budsjettert med 180 mill. i konsesjonskraft inntekter, men dei har berre varsla Regjeringa at dei forventar 54 mill. i konsesjonskraft inntekter. Resultat er at dei får inga trekk i rammetilskotet. Eksempelet Masfjorden kommune må ha ein gjennomsnittleg spottpris i 2023 på 3,80 for at regjeringa skal kunne halde sin intensjon om at kommunesektoren skulle få behalde ⅔ av konsesjonskraft inntekta. Fleire kommunar meiner no dei får ein likviditets utfordring, sidan regjeringa legg til grunn at kommunane kan pårekna ein spott/kraftpris på 2 kr i 2023.
Kommunen har også kostnader med uttak av kraft, som med innmatingsavgift og andre kostnader med eit volum på 39,4 GWh utgjer om lag 5 mill. kr. Masfjorden må ha ein pris på kr. 1,35 for å komme i balanse i 2023. Det er verdt å merke seg at for eksempel Masfjorden kommune har aldri oppnådd prisar på sal av konsesjonskrafta på det nivå som regjeringa legg til grunn for 2023 – over kr. 1.20 – som med kostpris for uttak utgjer over kr. 1,35. Når regjeringa legg ein antatt spottpris til grunn, vil det skape betydeleg risiko for kommunane. Kommunane har i praksis ikkje hatt moglegheit til prissikring. Masfjorden kommune gjorde eit forsøk, men det var ingen kjøpar. I praksis vil regjeringa sin handlemåte her skjerma mange kommunar med store kraftinntekter og konsesjonskraftrettar, ved å la andre kommunar ta belastninga.