Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:1102 (2022-2023)
Innlevert: 23.01.2023
Sendt: 23.01.2023
Besvart: 26.01.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Vil statsråden auke omsetningskravet slik at ikkje eksisterende merkur-butikker faller ut av ordningen?

Begrunnelse

Merkur-programmet er viktig for distrikts-Norge. For å få investeringsstøtte gjennom programmet må fylgjande villår oppfylgjast:
Du kan søkje om støtte til butikken din dersom den

• har eit kundegrunnlag (nærmarknad) på under 200 hushald
• har ein avstand på minst 10 kilometer til næraste alternative innkjøpsstad, eller ligg på stader utan fast vegsamband, eller er einaste daglegvarebutikk på ei øy
• er open heile året
• sel daglegvarer for inntil 13 millionar kroner i året. Meirverdiavgift, drivstoff, kraftfôr og gjødsel skal ikkje reknast med

Kravet om 13 million i omsetnad skaper utfordringar i ei tid med stadig dyrare matvareprisar. Fleire av butikkane som er med i ordninga står i fare for å pga. auka priser gå over denne grensa. Dette er tilfelle for eksmpel på Byremo der merkurbutikken planlegger nybygg for å bli meir energieffektiv og framtidsretta.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Merkur-programmet er viktig for distrikts-Noreg. Kommunal- og distriktsdepartementet er i ein jamn dialog med Distriktssenteret og styret for Merkur-programmet, for å få faglege råd om innretninga på Merkur-programmet, herunder omsetningsgrensa. Butikkane som er med i programmet har vore gjennom svært omskiftelege år i det siste. Vi veit at ganske mange Merkur-butikkar fekk ei auka omsetning under pandemien. Fleire av desse har no falle attende til ei noko lågare omsetning, men biletet varierer mellom ulike butikkar. Siste gong omsetningsgrensa vart endra var i 2019. Det kan vere gode grunnar for ikkje å justere desse grensene for ofte. Samstundes meiner eg dei betydelege endringar som har vore dei siste åra i omsetning for mange butikkar, og generelt høg pris- og kostnadsvekst, talar for å sjå på innretninga på Merkur-ordninga, herunder omsetningsgrensa.
Departementet vil ta initiativ til ei ny vurdering av faktorar som talar for og i mot å heve omsetningsgrensa på nytt, herunder kva konsekvensar ei eventuell endring kan få for heilskapen i Merkur-programmet. I desse vurderingane er det viktig å sjå på korleis dei minste butikkane i dei mest perifere områda skal prioriterast i ordninga.