Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram dokumentasjon jamf. det alvorlige ulykkesåret 2022 på norske vegar, som viser at forslaget frå STVV om høgare ÅDT på vegklasse H2 og H3 er forsvarleg med trafikksikkerhets hensyn?
Begrunnelse
Regjeringa har satt i gang høyring for endring av N100 Dimensjonsklasse H2 og H3 med endring av vegnomalen samt grunnlaget for fartsgrenser.
2022 vart eit meget alvorleg år med tanke på dødsulykker og alvorlige ulykker her i landet. Satsing på trygge og gode vegar samt eit godt vegvedlikehold sikrar liv og hindrar ulykker.
Det verkar relativt sjølvmotseiande at ein ynskjer å auke ÅDT for Vegnormalen for H2 og H3, i ein situasjon der trafikktrygging skulle tilseie det stikk motsatte. Betre vegar med lågare ÅDT ville være logisk, ikkje fleire bilar på dårlegare vegstandard.