Frank Edvard Sve (FrP): Fylkeskommunane landet over har fått ein svært anstrengt økonomi med dagens regjering.
Kva vil samferdselsministeren gjere i 2023 for at fylkeskommunane skal vere i stand til å kunne utbetre farlege fylkesvegar samt gjennomføre eit nødvendig og forsvarleg vegvedlikehald for å kunne få ned ulykkestala?
Begrunnelse
Dagens regjering kuttar betydeleg i samferdselsbudsjettet og brukar dette området som den store salderingsposten for andre prioriteringar.
Samtidig hevdar finansministeren at det bygges for gode vegar her i landet og at dette er begrunnelsen for at ein kuttar i samferdselsbudsjettet.
Fylka har ansvaret for store delar av vegnettet her i landet, og opplever heller skrale økonomiske tider.
2022 var eit svært dramatisk år på norske vegar med heile 118 dødsulykker og mange andre alvorlege ulykker. Ut av det ein kan sjå tyder mykje på at nye firefelts motorvegar og nye sikre vegar IKKJE er problemet, men meir dei vegane som absolutt er tryggast.
At regjeringa går til angrep på dei trygge vegane, i staden for å ha fokuset på betydeleg auka vegvedlikehald og auka bygging av nye og trygge vegar er rett og slett uforsvarleg.
Dårleg vegbane og lite vegvedlikehald er openbart ein risikofaktor i trafikken og fører årleg til mange ulykker. Dagens regjering har kutta i vegbudsjettet, og omlag oppretthalde nivået på vegvedlikehald som med bakgrunn i den galopperande kostnadsveksten innan transport, bygg og anleggsbransjen også er usikkert.
Dagens regjering møter skyhøge ulykkestall i trafikken med mindre pengar til bygging av nye og trygge vegar samt inga auke innan vegvedlikehold. Dette gjeldande både riks og fylkesvegane. Dette samla kan ikkje betegnast som noko anna enn ein "trafikkfarleg politikk".
Ein stor andel av dødsulykkene skjedde i 2022 på fylkesvegar.
Fylkeskommunane som har ansvaret for drift og vedlikehald av 44 000 km med fylkesveg, opplever at dei må kutte brutalt i sine budsjett for 2023. Berre i Møre og Romsdal som har 3 108 km med fylkesveg, måtte ein kutte over 200 mill. kr i budsjette for 2023 pga. skyhøge drivstoffprisar. Fylkeskommunane fekk heller ikkje noko "gavepakke" i overføringane frå regjeringa, sjølv om både SP og AP før valet lova at det skulle skinne av kommunane dersom dei kom til makta.
Dette betyr mindre utbetringar av farlege fylkesvegar, og vesentleg mindre vegvedlikehald av fylkesvegane over heile landet.