Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:1222 (2022-2023)
Innlevert: 02.02.2023
Sendt: 03.02.2023
Besvart: 10.02.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Vil statsråden fortsatt opprettholde utvalget som skal gjennomgå kommersiell drift av velferdstjenester i lys av NRK brennpunkt sin dokumentar?

Begrunnelse

Regjeringen sendte ut en pressemelding 12.08.2022 om at det skal oppnevnes et offentlig utvalg som skal utrede hvordan kommersiell drift kan fases i ulike skattefinansierte velferdstjenester. Utvalget skal i tillegg levere en delrapport med forslag om juridisk definisjon av ideelle bedrifter. Utvalget skal levere utredningen i form av en NOU til Kommunal- og distriktsdepartementet innen 20.juni 2024. Statsråden sa følgende:

«Dei offentlege velferdstenestene i Noreg er bygd opp med skattefinansiering og folkevald kontroll for å gi befolkninga lik tilgang og eit godt tilbod av grunnleggjande tenester innan helse, utdanning og omsorg. Legitimiteten til den norske velferdsmodellen kviler på at skattepengane kjem fellesskapet til gode i form av gode velferdsytingar til innbyggjarane, og ikkje endar opp hos store kommersielle eigarar».

Forrige uke publiserte NRK brennpunkt en dokumentar som belyser problemene i eldreomsorgen. Mye av det som kommer frem er hårreisende, og er ikke verdig de eldre. Istedenfor for å sikre verdighet og kvalitet i den velferden som faktisk ytes, velger heller regjeringen å bruke utgifter og ressurser på et utvalg som skal utrede kommersiell drift av velferdstjenester. Norge har i generasjoner stått på tre bein – det offentlige, det private og frivilligheten. Det ser ut til at regjeringen vil endre dette.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Det som har korne fram i dei seinare vekenes oppslag om eldreomsorga går inn på oss alle. Historiene syner at eldreomsorga ikkje er god nok alle stader. Kommunane har ansvaret ute i tenesta og kjenner verkemidla sine, kompetansen sin, innbyggjarane sine. Samstundes skal regjeringa sørgje for at staten bidreg med sine verkemiddel, så vi saman når måla om ein trygg og god alderdom. Eit av dei viktigaste måla til regjeringa er å bidra til ein framtidsretta og berekraftig helse- og omsorgsteneste i kommunane. Difor har vi starta arbeidet med ein Bo trygt heime-reform, som vi tek sikte på å leggja fram denne våren. Vi har også lagt fram ein eigen opptrappingsplan for heiltid og god bemanning i omsorgstenesta som ein del av Prop. 1 S HOD (2022-2023). I 2023 har vi også prioritert ei historisk satsing på fastlegeordninga. Gjennom satsinga vil vi bidra til at fastlegen får betre tid til pasientane sine og til å samhandla godt med andre delar av tenesta. Det er spesielt viktig for dei eldre, som oftare går til fastlegen.
Representanten Njåstad meiner at det er ein motsetnad mellom å arbeide for ei betre eldreomsorg og det å utgreie kommersiell drift av velferdstenester. Det er ikkje regjeringas utgangspunkt. Regjeringa vil ha ein sterk og effektiv offentleg sektor som gjev innbyggjarane gode tenester, valfridom og medverknad.
I Hurdalsplattforma slår vi fast at velferdstenester ikkje skal kommersialiserast, og at vi ynskjer å minke innslaget av kommersielle aktørar i velferden. Oppslutninga om den norske velferdsmodellen er avhengig av at innbyggjarane er trygge på at offentlege middel samla sett vert brukt på gode tenester for brukarane, og at tilsette i tenestene har gode arbeidsvilkår. Kommersialisering av velferdstenestene kan utfordre denne modellen. Dei seinare åra har vi sett ein sterk vekst i innslaget av kommersielle leverandørar i velferdstenestene, mellom anna gjennom store og, i mange tilfelle, utenlandsk eigde konsern innanfor helse- og omsorgssektoren og barnevernet. Regjeringa vil snu denne utviklinga.
Utvalet skal syte for at regjering og Storting får eit godt fagleg grunnlag for den vidare utviklinga av politikken på dette feltet. Det inneber å drøfte konsekvensar av dei modellane og tiltaka som utvalet greier ut. A vurdera konsekvensar for brukarane, pårøyrande og for dei tilsette, i mellom anna omsorgsstenesta, vil i den samanheng vere heilt sentralt. Difor er det viktig at utvalet gjennomfører arbeidet sitt i tråd med mandatet og til fastsett tid.