Skriftlig spørsmål fra Guri Melby (V) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:1245 (2022-2023)
Innlevert: 03.02.2023
Sendt: 06.02.2023
Besvart: 15.02.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Guri Melby (V)

Spørsmål

Guri Melby (V): Vil statsråden vurdere å be UU-tilsynet utvikle en leverandørportal for tredjepartsleverandører, slik at disse selv kan utarbeide tilgjengelighetserklæringer for sine tjenester direkte til tilsynet, og dermed unngå dobbeltarbeid?

Begrunnelse

Fra 1. februar 2023 gjelder krav om universell utforming av digitale flater og dokumenter. Noe som gjør dette arbeidet utfordrende er at kommunen også er ansvarlig for å lage tilgjengelighetserklæring for tredjepartstjenester. Dette er svært tidkrevende arbeid. Mange leverandører leverer mer eller mindre ferdig utfylte WCAG-erklæringer som er kompatible med det UU-tilsynet etterlyser i sitt skjema for tilgjengelighetserklæring, men det skal likefullt fylles ut skjema for dette i den enkelte kommune og fylkeskommune.
Tredjepartsleverandører har per nå ikke tilgang til UU-tilsynets skjemaløsning og kan derfor ikke fylle ut skjema. En hensiktsmessig løsning for å spare kommuner, fylkeskommuner og andre offentlige virksomheter for arbeid knyttet til dette kunne vært om UU-tilsynet utviklet en egen leverandørportal eller annen skjemaløsning for tredjepartsleverandører, slik at de selv kan utarbeide tilgjengelighetserklæring for sine tjenester. Det burde være enkelt siden tilgjengelighetserklæringer handler om funksjonalitet, og i seg selv ikke stiller andre krav enn å dokumentere hvilke WCAG-krav nettsider eller andre digitale flater oppfyller. Kommunene er uansett ansvarlige for å sikre at innholdet som er produsert på tredjepartsplattformer er i henhold til de nye kravene, og bør derfor ha muligheten til å legge til eventuelle tilleggsopplysninger for sin kommune.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Eg er oppteken av at alle skal kunne delta digitalt på like vilkår, også uavhengig av funksjonsevne. Krava i forskrift om universell utforming av IKT-løysinger er eit viktig verkemiddel for å sikre digital inkludering. Dette er spesielt viktig for offentleg sektor, som i aukande grad tilbyr sine tenester digitalt. Derfor er det eit steg i positiv retning at den nye forskrifta stiller auka krav til offentleg sektors digitale løysingar. Tilgjengelegheitserklæringa er eitt av desse nye forskriftskrava.
Gjennom tilgjengelegheitserklæringane skal offentlege verksemder sjølv opplyse om dei oppfyller forskriftskrava, og i kva grad. Gjennom tilbakemeldingsfunksjonen kan innbyggjaren be om tilgang til innhaldet som ikkje oppfyller krava, og ei lenkje som forklarer korleis dette kan klagast på. Slik sett har det no vorte meir åpent om kva som er universelt uforma og kva som ikkje er det. Samstundes blir det enklare for innbyggjaren å hevda rettane sine gjennom klageinstituttet.
Gjennom prosjektet «eit digitalt datadrive tilsyn», har tilsynet for universell utforming av IKT (UU-tilsynet) over tre år jobba med å digitalisera arbeidsprosessane sine. Dette har effektivisert tilsynet si eiga saksavvikling, forenkla befolkningas informasjonstilgang, og samstundes effektivisert arbeidet for verksemdene som er underlagt forskriftskrava. Som ledd i dette arbeidet vart det bestemt at tilsynet skulle etablera ei standardisert digital løysing for tilgjengelegheitserklæringar. Dette har spart offentlege verksemder for mykje arbeid, ved at dei slepp å utarbeida sine eigne løysingar for slike erklæringar. Ettersom løysinga er sentralisert kan tilsynet automatisera kontrollen med erklæringane og høste viktig statistikk som grunnlag for tilsyn.
Eg er kjent med at verksemder i varierande grad bruker underleverandørar for dei digitale løysingane sine, og at det reint praktisk kan vera ressurskrevjande for verksemdene å vurdera om, og i kva grad, underleverandøren overheld forskriftskrava. Det er viktig at det er så lett som mogleg for verksemdene å oppfylla offentlege pålegg. Samstundes er systemet med tilgjengelegheitserklæringar bygd på at det er pliktsubjekta, altså offentlege verksemder, som fyller ut erklæringane og publiserer desse på nettløysingane sine. Eit system der leverandørar også har direkte tilgang til å fylla ut tilgjengelegheitserklæringar for løysingane sine, må greiast ut nærare med omsyn til kva som teknisk, juridisk og organisatorisk er mogleg å gjennomføra. Eg vil ta opp saken med tilsynet med sikte på å avklare dette nærmare.