Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram ei detaljert oversikt over grunnkjøp og innløysing av hus og eigedomar som Statens vegvesen har gjennomført i 2022, fordelt på dei ulike prosjekta gjeldande heile landet og synleggjort kostnad pr prosjekt?
Begrunnelse
I ulike svar frå samferdselsministeren ang ferjefri kryssing over Romsdalsfjorden ved Møreaksen kjem det fram at ein i Statens vegvesen brukar betydelige midlar på grunnkjøp, innløysing av eigedomar osv. – berre i 2022 har Statens vegvesen forbrukt 73 mill. kroner på dette berre på Møreaksen som med stor sannsynligheit aldri reelt vil bli bygd.
Dette blir altså gjort i prosjekt som verken har ferdig KS2 eller har vore til Stortinget til endeleg behandling og er heller ikkje prioritert i Statens vegvesen sine langtidsplanar dei neste tiåra.
Samtidig opplever samferdselsprosjekt over heile landet å bli ramma av regjeringa sin "tørke" ang løyvingar til vegbygging og planlegging. Berre planleggingsmidlane er kutta ca. 30 % i årets statsbudsjett.
5 store "gryteklare" viktige nasjonale vegprosjekt blir stoppa, medan pengane renn ut av statens vegvesen rundt omkring i landet til prosjekt lenger ned på listene, og på prosjekt som sansynlegvis aldri blir bygd slik som Møreaksen til dømes.
At vi då samtidig har regionar innan Statens vegvesen som ukritisk brukar pengar, ikkje berre på planlegging, men på grunnkjøp og innløysing av eigedomar på prosjekt der ein ikkje garantert veit om prosjektet skal byggjast, eller endeleg beslutta trasevalg.