Skriftlig spørsmål fra Grunde Almeland (V) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:1318 (2022-2023)
Innlevert: 10.02.2023
Sendt: 10.02.2023
Besvart: 17.02.2023 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Grunde Almeland (V)

Spørsmål

Grunde Almeland (V): Vil statsråden iverksette en gjennomgang av forholdene for norskadopterte?

Begrunnelse

I svar til mitt spørsmål nr. 648, stilt den 7. desember 2022, svarer statsråden at det ikke er aktuelt å inkludere norskadopterte i den varslede gjennomgangen av norske utenlandsadopsjoner.
Jeg kan se at det er grunner for å holde disse to forholdene fra hverandre. Samtidig mener jeg det fortsatt er flere forhold som er sammenlignbare. Flere av beretningene om forholdene før norsk regulering av adopsjon, er forhold som vi ser gjentar seg i beretningene om utenlandsadopsjon før Haagkonvensjonen.
Det er verdt å minne om at det årene etter krigen var en eksplosiv økning i adopsjoner internt i Norge, noe som førte til et privat adopsjonsmarked uten regulering og helt nødvendig kontroll. Særlig i perioden frem til reguleringen av adopsjonsmarkedet i 1953, ble svært mange barn i Norge adoptert inn i uakseptable forhold.
Selv om man i dag har rett til å få opplysninger om egen sak, betyr ikke det at staten har anerkjent urett som er begått. En gjennomgang av forholdene for norskadopterte vil både være viktig for å anerkjenne den historiske uretten som er begått mot mange adopterte, samt gi viktig læring for å sikre trygge og gode adopsjonsprosesser fremover.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Det er svært viktig å arbeide for at det ikkje foregår ulovlegheiter eller irregulariteter i adopsjonar, og gransking av historiske saker kan forutan å få fram om dette har skjedd i adopsjonar til Norge, gi viktige funn som kan vere nyttig også for arbeidet med adopsjon etter dagens regelverk og system. Eg viser innleiingsvis til mitt svar 14. desember på spørsmål 648 frå representanten Almeland. I mitt svar står det at «[o]m det skulle vise seg at det er behov for å sjå på norske saker tilbake i tid, vil eg vurdere dette seinare.»
Regjeringa har vedtatt at det skal gjennomførast ei ekstern gransking av historiske utanlandsadopsjonar. Eg er samd med representanten Almeland i at det er samanliknbare tilhøve på adopsjonsfeltet, når det gjeld utanlandsadopsjonar og innanlandsadopsjonar. Det er likevel sentrale moment som ikkje er samanliknbare.
Utgangspunktet for den eksterne granskinga regjeringa set i gang no, er opplysningar som har kome fram i andre land om ulovlegheiter i internasjonale adopsjonar og enkeltsaker som har kome fram om ulovlegheiter i utanlandsadopsjonar til Norge. Land som vi kan samanlikne oss med, har gått gjennom sine system eller er i gang med dette, og regjeringa si vurdering er at gransking er noko også Norge må gjennomføre, og at denne granskinga skal vere eksternt leia.
Utanlandsadopsjonar gjeld internasjonale tilhøve og samarbeid med opphavsland, og det er naudsynt å sjå nærare på adopsjonsprosessen norske myndigheiter og adopsjonsforeiningar har (eller hadde) eit ansvar for. Den eksterne granskinga skal sjå på dei spesifikke utfordringane ved utanlandsadopsjon. Mandatet og personsamansettinga til granskinga må vere tilpassa dette. Det vil ut frå dette ikkje vere tenleg å innlemme innanlandsadopsjonar i same gransking, fordi det vil krevje ein annan samansetjing og kompetanse i granskingsutvalet, og i tillegg ville det blitt eit veldig stort mandat og arbeid å gjennomføre samstundes. Difor vel eg å starte med ei gransking av utanlandsadopsjonar. Som eg har svart representanten før, er behovet for også ei gransking av innanlandsadopsjonar noko eg vil vurdere seinare.
Eg viser elles til at det er høve til å be styresmaktene om hjelp ved mistanke om ulovlegheiter ved nasjonale adopsjonar, anten hos Bufdir, eller hos statsforvaltaren, dersom adopsjonen skjedde før 1. desember 1999.