Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til næringsministeren

Dokument nr. 15:1444 (2022-2023)
Innlevert: 20.02.2023
Sendt: 21.02.2023
Besvart: 28.02.2023 av næringsminister Jan Christian Vestre

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Når og korleis vil Næringsdepartement gjennomføre den varsla separate prosessen knytt til visse sider av vertikal integrasjon og bruken av eigne merkevarer (EMV) i daglegvaremarknaden, mellom anna om bruken av kryssubsidiering og marginar?

Begrunnelse

Næringsdepartementet varsla i pressemelding dagsett 23. desember 2022 oppstart av ei utgreiing av omfanget av eigne merkevarer og vertikal integrasjon i daglegvarebransjen. Kartleggingsarbeidet skal lysast ut som eit konkurranseoppdrag gjennom Doffin, med frist for ferdigstilling 1. juni 2023.
I same pressemelding opplyser departementet at enkelte vurderingar knytt til vertikal integrasjon og EMV, mellom anna vurderingar knytt til kryssudsidiering og marginar, ikkje vil bli ein del av dette oppdraget, men foregå i ein separat prosess handtert av departementet og Konkurransetilsynet.
Det blir i pressemeldinga ikkje opplyst meir om framdrifta i denne «separate prosessen». Temaet blir heller ikkje berørt i Næringsministeren sin 10-punktsplan for betre konkurranse i daglegvaremarknaden, jmf. pressemelding frå departementet 3. februar 2023.
Dei vurderingane som departementet har valt å trekke ut av bestillinga som er sendt ut på eksternt anbod, er svært viktige for å få mest mulig kunnskap og heilskapsoversikt over konkurransesituasjonen i daglegvaremarknaden. I dag har kjedene total kontroll over prisane i butikkane, uavhengig av kva pris leverandørane får for sine produkt.
Underteikna har forståing for at departementet vel å skilje ut deler av vurderingane i ein separat prosess som blir handtert direkte av departementet og Konkurransetilsynet. Det er likevel grunn til å understreke at desse vurderingane er heilt sentrale for å få grep om heilskapen i problemstillingane knytt til maktkonsentrasjon i daglegvaremarknaden, jmf. Stortinget sine vedtak om dette våren 2022.
Det er difor viktig sett frå underteikna og Venstre sin ståstad å vite meir om når og korleis den separate prosessen som vart varsla i desember 2022 vil bli gjennomført, og når resultata vil ligge føre.

Jan Christian Vestre (A)

Svar

Jan Christian Vestre: Konkurransesituasjonen i daglegvarebransjen bekymrar meg. Nokre få store aktørar dominerer store delar av marknadene, og det er vanskeleg for nye aktørar å etablere seg. Svak konkurranse førar til høgare priser og dårlegare utval for forbrukarane, og aukar risikoen for at aktørane i marknaden blir mindre effektive og innovative enn dei kunne ha vore om konkurransen fungerte betre. Den høge prisstigninga på mat er krevjande for mange, og gjer arbeidet med konkurransetilhøva i daglegvarebransjen viktigare enn før.
Regjeringa har sett i verk mange tiltak for å betra konkurransetilhøva i daglegvarebransjen. Regjeringa si 10-punktsplan samanfattar tiltaka. For at grepa vi tek skal bli så gode og effektive som mogleg, har vi igangsett fleire utgreiingar. Dei skal gi betre kunnskap om konkurransetilhøva og bidra til at tiltaka ikkje får uventa konsekvensar. Nærings- og fiskeridepartementet har lyst ut eit utgreiingsoppdrag om kartlegging av omfanget av eigne merkevarer og vertikal integrasjon. Oppdraget skal vera ferdig før sommaren og er tildelt Samfunnsøkonomisk Analyse AS. Det skal også gjennomførast eit eksternt analyseoppdrag om verknadene av eigne merkevarer og vertikal integrasjon som mellom anna vil byggja på resultata av kartleggingsoppdraget.
Det er riktig som representanten Bjørlo viser til, at regjeringa i pressemeldinga 23. desember opplyste om at einskilde av vurderingane knytt til vertikal integrasjon og EMV, mellom anna vurderingar av kryssubsidiering og marginar, ikkje er omfatta av det eksterne kartleggings-oppdraget, og at desse temaa vil bli handtert av departementet og Konkurransetilsynet gjennom ein separat prosess.
Eg er samd med representanten Bjørlo i at vurderingane av mellom anna kryssubsidiering og marginar er viktige for å få grep om heilskapen i problemstillingane knytt til maktkonsentra-sjon i daglegvaremarknaden. Kryssubsidiering og prising under kostnader kan vere positivt for konkurransen og forbrukarane. Kryssubsidiering og underprising kan sjåast på som to parametrar som daglegvarekjedene kan nytte for å vinne fram i konkurransen om å oppnå forbrukaren sin tillit. Moglegheita til å underprise gjer mellom anna daglegvarekjedene høve til å tilby eit utval av ekstra låge prisar på enkeltprodukt, noko som kan ha stor betyding i konkurransen om dei mest prissensitive forbrukarane. Samstundes kan kryssubsidiering og underprising potensielt ha uheldige virkningar for konkurransen mellom merkevarer og EMV-produkt.
For daglegvarekjedene er innkjøpsprisar på merkevarer og EMV svært forretningssensitiv informasjon, som det er av stor betydning at blir handsama på ein trygg måte som minimerer risikoen for at informasjonen kjem på avvege. Dette stiller store krav til trygg handsaming av data som vert innhenta.
For å kunne vurdere om kryssubsidiering og underprising kan ha uheldige virkningar i den norske dagligvarehandelen er det naudsynt å gjere omfattande samanlikningar av marginar på EMV og merkevarer, noko som krev innhenting av omfattande informasjon frå ulike aktørar.
I tillegg til omfattande datainnhenting og -handsaming vil det vere naudsynt å utarbeide ein metode for mellom anna berekning av innkjøpsprisar for EMV-produkt og samanlikning av marginar. Å få på plass ein god metode for å gjennomføre marginsamanlikninga vil truleg vere tidkrevjande. Det tok tid å utvikle metoden som nyttast i kartlegginga av innkjøpsprisar, der Konkurransetilsynet mellom anna sendte metoden på høyring og deretter innarbeida innspela fram mot endeleg metodeval.
Eg er oppteken av å få til ei god kartlegging av område som ikkje er omfatta av den eksterne kartlegginga. Desse områda er omfattande og tidkrevjande å kartlegge, men det er samstundes naudsynt å gjere eit grundig arbeid for å kunne trekke riktige slutningar ut frå kartlegginga. Det er vanskeleg å seia heilt konkret når eit slikt arbeid kan ferdigstillast, og når resultata vil liggja føre, men arbeidet er høgt prioritert.
Konkurranseutfordringane i daglegvarebransjen er komplekse, og tiltaka vi vurderer, omfattar kompliserte problemstillingar. Eg er oppteken av at vi gjer eit grundig arbeid, slik at vi kjem fram til gode tiltak som bidreg til tøff konkurranse til det beste for forbrukaren. Eg er glad for den tverrpolitiske semja for å styrkja konkurransen i daglegvarebransjen. Eg ser fram til vidare diskusjon med Stortinget om dette og andre tiltak som kan føra til betre konkurranse i daglegvarebransjen.