Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1520 (2022-2023)
Innlevert: 21.02.2023
Sendt: 27.02.2023
Besvart: 08.03.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Når har samferdselsministeren tenkt å gjere noko med Norges farligaste veg, E-16 Skaret- Hønefoss i Viken?

Begrunnelse

E-16 mellom Skaret og Hønefoss i Viken, toppar den dystre statestikken over dødsulykker på norske veier i 2022.
Eg registrerar at ordførarane også frå AP langs denne veien kjem med open kritikk av samferdselsministeren og eiga regjering for at denne vegstrekninga ikkje blir prioritert.
Samferdselsministeren seier i ein artikkel i nettavisa, at ordførarane har ein legetim rett til å arbeide for sine lokale prosjekter.
Regjeringa har sjølvsagt også ei klar plikt til å prioritere dei farligaste vegane her i landet, trafikktrygging og sørge for tryggast mulig ferdsel på norske vegar.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Samferdselsdepartementet er kjend med statistikken over drepne og skadde personar på strekninga. Strekninga har over tid vore utsett for ulykker, og det er mellom anna etablert midtrekkverk og nedsett fartsgrense til 70 km/t på ulike delar av strekninga for å redusere risikoen for ulykker. Nullvisjonen ligg fast for alt arbeidet med trafikktryggleik i Noreg. Det er behov for fleire tiltak også på denne strekninga for å bidra til færre alvorlege ulykker som bidrag for å nå ambisjonane i Nasjonal transportplan om maksimalt 350 drepne og hardt skadde på vegane i Noreg innan 2030.
Som det går fram av Prop. 1 S 2022-2023, vil det i dei næraste åra vere mindre rom for å starte opp store investeringsprosjekt på riksveg og jernbane enn det som følgjer av Nasjonal transportplan 2022–2033. Fellesprosjektet E16 og Ringeriksbanen er prioritert i gjeldande NTP. Samstundes er det eit svært kostbart prosjekt som vil krevje betydelege statlege budsjettmidlar i gjennomføringsfasen av prosjektet. I budsjettforliket mellom regjeringspartia og SV om statsbudsjettet for 2023 vart det einigheit om at E16 Skaret – Høgkastet – Hønefoss vert vidareført som eit fellesprosjekt, og at vidare framdrift blir vurdert i samband med Nasjonal transportplan (NTP) 2025–2036. Eg vil kome nærare tilbake til framdrifta i prosjektet i samband med at den nye transportplanen leggast fram for Stortinget neste år.