Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1502 (2022-2023) Innlevert: 24.02.2023 Sendt: 24.02.2023 Besvart: 03.03.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik
Seher Aydar (R): «Formålet med utvalget er å utrede hvordan kommersiell drift kan utfases i ulike skattefinansierte velferdstjenester, og legge fram en egen nullprofittmodell for hver slik sektor. Utvalget skal også foreslå en juridisk definisjon for ideelle driftsformer.» Dette er kjernepunktene i mandatet for avkommersialiseringsutvalget.Vil statsråden sørge for at utvalget har mulighet til å levere juridisk definisjon for ideelle driftsformer og hvordan kommersiell drift kan utfases i ulike skattefinansierte velferdstjenestene?
Sigbjørn Gjelsvik: Utvalet er ei oppfølging av eit oppmodingsvedtak frå Stortinget. Som det går fram av mandatet er føremålet med utvalet m.a. å utgreia korleis kommersiell drift kan utfasast i ulike skattefinansierte velferdstenester, og foreslå ein juridisk definisjon for ideelle driftsformer. Utvalet skal òg utgreie strengare regulering av kommersiell drift av velferdstenestene enn i dag. Dette ligg fast og utvalet si oppgåve er å svara ut mandatet.Det er departementet si oppgåve å leggje til rette for at utvalet har gode rammer for arbeidet. Det inneber å syta for at naudsynte økonomiske ressursar blir stilt til rådvelde for utvalet, og at utval og sekretariat har ei leiing og bemanning slik at oppgåvene kan gjennomførast på ein god måte.Som følgje av at utvalsleiar har valt å fråtre og leiar for sekretariatet har sagt opp stillinga si, treng departementet noko tid til å løysa situasjonen slik at vi kan sikra at rammene for utvalet sitt arbeid er på plass. Departementet arbeider med oppfølging av dette no. Departementet har formidla til sekretariatet at dei i mellomtida held fram arbeidet sitt og gjennomfører pågåande og planlagde aktivitetar så langt dette let seg gjere.