Skriftlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1517 (2022-2023)
Innlevert: 25.02.2023
Sendt: 27.02.2023
Besvart: 17.03.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Kan statsråden gjera greie for status i det førebuande arbeidet med å sikra Lærdalstunnelen og at utbetringa kan utførast utan full stenging, og kan vidare statsråden gjera greie for prosess for konsekvensutgreiing, involvering av næringsliv og kommunar langs E16, plan for gjennomføring, omfang av arbeida, opplysning om kva arbeid som er strengt nødvendig etter forskrifter og det arbeid ein tenkjer kan vera greitt å ta i tillegg, samt beslutningsprosess for utbetringsarbeida som er tenkt for Lærdalstunnelen?

Begrunnelse

I komitéinnstillinga til budsjett for 2023 hadde ein samla komité føljande merknad:

"Komiteen viser til debatten om sikringsarbeid i Lærdalstunnelen. Komiteen merker seg at det er stor lokal motstand mot Statens vegvesens forslag for gjennomføring av tunnelsikring av Lærdalstunnelen, som er å stenge tunnelen helt i ett år. Komiteen mener prosjektet må forankres bedre lokalt, da en slik stenging vil få store konsekvenser for næringsliv og privatpersoner.
Komiteen ser utfordringen med sikkerhet, beredskap og alternativ omkjøring under utbedringsarbeid, og ber om at plan for gjennomføring av prosjekt som Lærdalstunnelen blir forankret lokalt, slik at innbyggernes behov for beredskap under utbedringen blir ivaretatt så godt som mulig."

Samfunnskostnader og kostnader for tiltaket som blir påført næringsliv og fastbuande må også kome fram i dei konsekvensutgreiingane som skal utførast. Tilbakemeldingar i år frå lokale styresmakter, næringsliv og vegbrukarar har sterkt understreka at oppgraderinga må skje utan full stenging og at det med dagens vegstandard ikkje er realistiske alternativ for omkøyring.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Statens vegvesen skal gjennomføre nødvendige oppgraderingar av E16 Lærdalstunnelen i Vestland. Prosjektet fekk vedtak om styrings- kostnadsrammer ved handsaming i Stortinget av Prop. 193 S (2020–2021) jf. Innst. 648 S (2020–2021). I proposisjonen blei det orientert om at detaljane i forslaget til stengingsperiode ville bli drøfta med kommunane, lokalt næringsliv og transportnæringa i samband med arbeidet med konkurransegrunnlaget. Statens vegvesen står for den praktiske gjennomføringa av prosjektet og drøftingane.
Det er førebels ikkje avgjort korleis arbeidet med oppgradering av Lærdalstunnelen skal gjennomførast med tanke på eventuell stenging av tunnelen. Det er venta at utgreiinga av ulike løysingar for stenging og trafikkavvikling i samband med oppgradering av Lærdalstunnelen vil ligge føre før påske 2023.
Statens vegvesen har sett på ulike løysingar for stengingsperiode. Offentlege og private aktørar har vore invitert til å koma med innspel til arbeidet. Det er gjennomført møte med fleire verksemder etter ønskje og behov. Samfunnskostnader og direkte kostnader for einskilde verksemder blir synleggjort gjennom utgreiingsarbeidet. Målsettinga med utgreiinga har vore å finne den modell for trafikkavvikling ved tunneloppgraderinga som best tek i vare ei forsvarleg anleggsdrift og som samtidig avgrensar ulempene dette påfører samfunnet i størst mogleg grad.
Statens vegvesen opplyser at arbeid som blir foreslått gjennomført i tunnelen er avgrensa til det som er naudsynt for å tilfredsstille gjeldande forskrifter samt sikre påkravd utbetring grunna forfall. Det er lagt særleg vekt på å minimera tiltaksomfanget utan at det inneber eit redusert tryggleiksnivå.
Eg har sjølv nyleg vore i Lærdal og lytta til ulike synspunkt på korleis oppgraderinga bør gjennomførast. Når det gjeld vidare prosess vil eg vil no først vente på at Statens vegvesen gjer seg ferdig med sin utgreiing. Om utgreiinga kjem fram til ei god løysing for gjennomføringa av oppgradering av Lærdalstunnelen, og denne har vore grundig drøfta med kommunane, lokalt næringsliv og transportnæringa, legg eg til grunn at Statens vegvesen kan gå vidare med oppgraderinga av Lærdalstunnelen innanfor rammene av prosjektet.