Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til fiskeri- og havministeren

Dokument nr. 15:1524 (2022-2023)
Innlevert: 27.02.2023
Sendt: 27.02.2023
Besvart: 06.03.2023 av fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Statssekretær Vidar Ulriksen i Nærings- og Fiskeridepartementet seier til Fiskeribladet 27/2 at det er uaktuelt å innføre grunnrenteskatt i fiskerinæringa fordei «grunnrente i fiskeriene tas ut i form av verdiskaping, arbeidsplasser, sysselsetting og bosetting i kystsamfunnene».
Kan fiskeri- og havministeren gi ei kort oversikt over kor mykje verdiskaping, arbeidsplassar og sysselsetjing/busetnad i kystsamfunn havbruksnæringa står for, samanlikna med fiskerinæringa?

Bjørnar Skjæran (A)

Svar

Bjørnar Skjæran: Både fiskeri- og havbruksnæringa er viktige næringar som sikrar store eksportinntekter, høg verdiskaping, trygge arbeidsplassar og busetting i livskraftige lokalsamfunn langs heile kysten vår. Ifølge Nasjonalrekneskapen til SSB var den samla verdiskapinga, målt som bidrag til bruttoprodukt, for fiske, fangst og akvakultur på totalt 63,4 milliardar kroner i 2022. Sjømatnæringa er syklisk, og samla verdiskaping varierer følgeleg frå år til år.
SSB sine nyaste tal for korleis verdiskapinga fordeler seg mellom fiske og fangst og akvakultur, er frå 2020. Den samla verdiskapinga i fiske, fangst og akvakultur dette året var på 41,7 milliardar kroner, og fordelte seg med 15,8 milliardar på fiske og fangst, og 25,9 milliardar på akvakultur.
I 2022 var det 9 591 hovudyrkesfiskarar og 1 226 registrerte biyrkesfiskarar i Fiskarmanntalet. Fiskarar er hovudsakleg registrert i fylka Troms og Finnmark, Møre og Romsdal, Nordland og Vestland. Til samanlikning var det i 2021 om lag 9 800 personar sysselsett i akvakulturnæringa. Av desse er i overkant av 7 000 tilknytta produksjon av matfisk. Tilsette i akvakulturnæringa er i hovudsak knytte til fylka Vestland, Nordland, Troms og Finnmark og Trøndelag.
Sjømatnæringa gir i tillegg opphav til betydelege ringverknader, både som direkte og indirekte verknader i sysselsetting og verdiskaping i tilknytta næringar.
Nofima har på vegner av Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfond vurdert verdiskapinga knytt til ringverknadane til sjømatnæringa. I rapporten Ringvirknings- og verdiskapingsanalyser i norsk sjømatnæring 2020–2022 kjem det fram at verdiskapinga i næringa auka med 9 milliardar kroner frå 2020 til 2021 til totalt 120 milliardar kroner. Sysselsettingseffektane frå sjømatnæringa vart anslått til dei høgaste i nyare tid, med 53 300 tilsette i fangst, oppdrett, industri og spesialiserte leverandørar. I tillegg ble det anslått 52 600 tilsette gjennom ringverknadar, totalt 105 900 tilsette. I same rapport vart førstehandsverdien for fisk og skaldyr levert av den norske fiskeflåten anslått til 23,9 milliardar kroner i 2021. Førstehandsverdien frå akvakultur var same år om lag 80,5 milliardar kroner, ifølge Fiskeridirektoratet.
Norske fiskeri gir betydeleg verdiskaping. Det vart i 2021 generert ei netto verdiskaping på 21,4 milliardar kroner frå fiskeria, ifølge rapporten til Nofima. Verdiskapinga i fiskeflåten var på 13,8 milliardar kroner, medan 7,6 milliardar kroner av verdiskapinga er ringverknader hos fiskeflåten sine leverandørar.
I Menonpublikasjonen Ringvirkninger av sjømatnæringen i 2021 kjem det fram at akvakultur hadde ei samla verdiskaping på 36 milliardar kroner, inkludert ringverknadar i 2021. Ifølge same rapport var det om lag 9 800 direkte tilsett i akvakulturnæringa, samt om lag like mange indirekte tilsette. Rapporten viser også til at det i fiskeindustrileddet var om lag 15 500 tilsette knytt til akvakultur, både som direkte og indirekte tilsette. Ein stor del av dei tilsette i leverandørindustrien for sjømatnæringa kan også knytast til akvakultur.
Alt dette er uvurderlege bidrag til aktivitet i kyst- og havområda våre. Eg ønskjer at denne aktiviteten skal vekse, og at betydninga desse næringane har for både eksporten, den totale verdiskapinga og aktiviteten skal auke i åra framover.
Havbruksnæringa betaler i dag produksjonsavgift, eksportavgift og ordinær selskapsskatt. Frå 2023 er produksjonsavgifta 56 øre per kilo sløyd fisk, medan eksportavgifta utgjer 0,6 prosent av fob-verdi. Regjeringa sendte i september 2022 på høyring eit framlegg om grunnrenteskatt på havbruk. Høyringsfristen er nå utgått, og regjeringa tar sikte på å fremme eit forslag til lovproposisjon for Stortinget i løpet av våren. Når vi no arbeider med ei ny kvotemelding, legg regjeringa til grunn at grunnrenta frå fiskerinæringa skal takast ut gjennom aktivitet, verdiskaping og sysselsetjing i kystsamfunna, i tråd med intensjonane i havressurslova.
Med omsyn til grunnrenteskatt på fiskerinæringa så er det ikkje aktuelt for denne regjeringa. Vi har ingen planar om å innføre grunnrenteskatt for fiskerinæringa.