Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1604 (2022-2023)
Innlevert: 08.03.2023
Sendt: 08.03.2023
Besvart: 16.03.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Har samferdselsministeren i svaret på mitt skriftlege spørsmål 89 av 21 oktober 2022 feilinformert underteikna og såleis også Stortinget i forholdet ikring godkjent reguleringsplan for Møreaksen?

Begrunnelse

Viser til mitt spørsmål 89 svart frå samferdselsministeren den 21 oktober 2022.
I dette svaret frå samferdselsministeren skriver ministeren følgjande:
* Det er utarbeidd og vedteken reguleringsplan for E39 Julbøen- Molde og E39 Bolsønes.
Etter å ha sjekka status for reguleringsplanen for E39 forbi Molde og til Bolsønes, viser det seg at denne reguleringsplanen IKKJE er vedteken men er påklaga og er til klagebehandling.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Molde kommune vedtok detaljregulering for E39 Julbøen-Molde 19. mai 2022 i sak PS-36/22. Vidare vedtok Molde kommune detaljregulering for E39 Bolsønes 23. juni 2022 i sak PS-50/22.
I følgje Statens vegvesen har det kome inn klagar på begge planane. Molde kommune har ikkje teke til følgje desse klagane og sakene er derfor på vanleg måte sende over til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for vurdering. Det er ikkje vedtatt oppsetjande verknad på planvedtaka i den perioden klagane blir behandla. Klagesaksbehandlinga påverkar derfor ikkje rettsverknaden av planvedtaka, jf. pbl. § 12-4 1. ledd første setning.
Plan- og bygningslova (pbl) § 12-4 1. ledd fastset rettsverknad av vedtak av reguleringsplan:

«En reguleringsplan fastsetter framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyrets vedtak bindende for nye tiltak eller utvidelse av eksisterende tiltak som nevnt i § 1-6. Planen gjelder fra kommunestyrets vedtak, dersom ikke saken skal avgjøres av departementet etter § 12-13.»

Ut frå dette kan eg ikkje sjå at eg har gitt feilaktig informasjon om planstatus for prosjektet E39 Vik-Molde i svaret mitt på spørsmål 89 frå representanten Sve.