Liv Kari Eskeland (H): Kostnadane for investering i VA infrastruktur, og spesielt i reinse-infrastruktur, er ei stor utfordring i fleire kommunar. Gebyra til våre innbyggarar aukar, basert på store investeringar som ligg framom oss. Avskrivingstida for desse anlegga er kortare enn antatt levetid.
Kva blir konsekvensane om avskrivingstida avspeglar levetida?
Begrunnelse
Etterslepet på vann- og avløpsnettet er stort. Det er etterslep på vedlikehald og ikkje minst også trong for modernisering og oppgradering av eksisterande infrastruktur inkludert reinseanlegg. Desse oppgraderingane er estimert til å koste fleire hundre milliarder innen relativt få år. Kostnader som vert påført våre innbyggjarar.
Prinsippa for sjølvkost er lovfesta i kommunelova § 15-1, og reglene for avskrivingar i kommuneregnskapet vert definert i budsjett- og regnskapsforskriftens §-3-4.