Skriftlig spørsmål fra Kathy Lie (SV) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:1775 (2022-2023)
Innlevert: 22.03.2023
Sendt: 23.03.2023
Besvart: 31.03.2023 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Kathy Lie (SV)

Spørsmål

Kathy Lie (SV): Hva vil statsråden gjøre for å sikre at alle barn hvor det er fattet vedtak om at de skal plasseres utenfor familiens hjem får tilbud om både akuttplass og ordinær institusjonsplass?

Begrunnelse

22. mars kunne vi lese i adresseavisa om krise i barnevernet i Midt-Norge med mangel på institusjonsplasser. Barn med behov for hjelp havner på hotell, glattcelle eller i psykiatrien.
Barn blir også værende hjemme, selv om det er fattet vedtak om at de skal ut av familien. Barnevernvakta i Trondheim sier at de ikke får gjort jobben sin godt nok fordi Bufetat ikke tilbyr nok akuttplasser.
Nå har også statsforvalteren sendt bekymringsmelding om situasjonen. Siden nyttår har Bufetat brutt loven 8 ganger i Midt-Norge på grunn av mangel på akuttplasser.
Barn blir også værende lenge på akuttplasser på grunn av manglende kapasitet i ordinære institusjoner.
Denne uken la barnevernutvalget fram sin rapport hvor situasjonen beskrives som alvorlig og presserende.
I statsbudsjettet for 2023 ble det vedtatt et kutt til offentlig barnevern med begrunnelse at det var et mindreforbruk av institusjonsplasser. Dette henger dårlig sammen med beskrivelsen i adresseavisa om situasjonen i Midt-Norge og barnevernutvalgets beskrivelse av situasjonen.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Mangelen på akuttplassar og institusjonsplassar i region Midt – Norge er noko eg tar på stort alvor. Bufetat har ansvar for å tilby forsvarlege institusjonsplassar når kommunen ber om det. Dette gjeld og i akutte tilfelle, og kor barnet har store og samansette utfordringar.
Det er alvorleg når Bufetat ikkje lukkast med dette, og kommunen må ta i bruk ulike kriseløysingar. For barn og ungdom og deira familiar, og dei tilsette i den kommunale barneverntenesta, er sjølvsagt dette ein svært kritisk situasjon.
Bufetat si bistandsplikt krev at dei må sørge for at dei har eit tilstrekkeleg tal på plassar i sitt institusjonstilbod til ein kvar tid. I det siste har det vore ein auke i etterspurnad etter plassar i fleire regionar. Bufetats regionar har dei siste månadane difor hatt nokre utfordringar med å oppfylle bistandsplikta, særleg på akuttområdet og særleg for barn som har behov i grensesnittet mellom barnevern, psykisk helse og kriminalomsorg.
Bufetat vurderer fortløpande behov for endringar i akuttkapasiteten, og departementet følger dette opp kontinuerleg i styringsdialogen med Bufdir, inkludert korleis dei tilpassar tilbodet. Situasjonen krev tiltak både på kort og lang sikt, slik at Bufdir til ein kvar tid klarar å oppfylle bistandsplikta. Spørsmålsstillar viser til at Bufetat har fått redusert budsjett i 2023 på grunn av ein nedgang av barn søkt inn frå kommunane. Det stemmer at ein no ser ei annan utvikling, med ein auke i barn som treng hjelp frå det statlege barnevernet.
Eg vil understreke at det er viktig med god dialog og samarbeid mellom kommunale barnevernleiarar, statsforvaltarar, barneverns- og helsenemndene og politiet om situasjonen rundt ungdom det er vanskeleg å finne gode omsorgstilbod til. Eg meiner det må på plass eit meir systematisk samarbeid mellom desse etatane for ungdom som treng det, i alle Bufetat sine regionar.
Eg vil også peike på at tiltak etter barnevernslova ikkje skal vere grunngjeve i samfunnet sitt behov for vern eller allmennpreventive omsyn. Barnevernet skal heller ikkje gje behandling for alvorleg psykisk sjukdom. Samstundes har barnevernet bistandsplikt, og barnevernet må difor sørge for eit tilbod til barna, også i tilfelle der barnet sitt behov i stor grad overlappar med andre sektorar sitt ansvar.