Skriftlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1871 (2022-2023)
Innlevert: 30.03.2023
Sendt: 31.03.2023
Besvart: 18.04.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Har statsråden eksempel på tjenesteområde i Avior som er eller har vore konkurranseutsett, og kva kan han han seie om innsparingsgevinster som følge av dette?

Begrunnelse

I Hurdalspalttformen står føljande under luftfart:

«Sørge for at drifts- og beredskapstjenester ved flyplassene utføres av egne ansatte og ikke konkurranseutsettes».

Vidare står det i luftfartsmeldinga:

«I Hurdalsplattformen har regjeringen lagt til grunn at drifts- og beredskapstjenester ved lufthavnene skal utføres av egne ansatte og ikke konkurranseutsettes. Samferdselsdepartementet er i dialog med Avinor om hvordan dette skal følges opp.»

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Ein vesentleg del av Avinors tenester er konkurranseutsette. Dette gjeld tryggleikskontroll, assistansetenesta for personar med redusert mobilitet, bussing, vedlikehald, brøytetenester, drift av bagasjeanlegg og kontraktar innanfor IT-infrastruktur. Det same gjeld drift av taxfree-butikkar, andre butikkar, servering, parkering og hotelldrift innanfor Avinors kommersielle verksemd.
Innanfor kjerneverksemda i lufthamndrifta og flysikringstenesta produserer Avinor i all hovudsak tenestene med eigne tilsette. Det finst tre unntak frå dette: I samband med at Avinor overtok ansvaret frå Forsvaret på Bodø lufthamn i 2016 gjennomførte Avinor ein anbodskonkurranse om plass-, brann- og redningstenesta på lufthamna. Konkurransen vart vunnen av Falck Emergency AB. Før overtakinga vart desse tenestene leverte av Forsvaret. I 2018 lyste Avinor ut ein konkurranse om drifta av tårna på lufthamnene i Kristiansand og Ålesund. Konkurransen vart vunnen av spanske Saerco. Avinor har berekna innsparingsgevinsten i desse to konkurransane til å liggje i området 15–25 prosent. Eg viser til at det likevel ikkje er gitt at denne innsparinga er ein generell innsparingsgevinst, fordi effekten reknast å være størst ved første konkurranse. Det skal òg nemnast at Avinor i 2017 gjennomførte ein anbodskonkurranse om ein 20-årig tenestekonsesjon ved Haugesund lufthamn som vart vunnen av Lufthamndrift AS.
Av Hurdalsplattforma følgjer det at regjeringa vil sørgje for at drifts- og beredskapstenester ved flyplassane skal utførast av eigne tilsette og ikkje konkurranseutsetjast. Av Meld. St. 10 (2022–2023) Berekraftig og sikker luftfart – Nasjonal luftfartsstrategi følgjer det at Samferdselsdepartementet er i dialog med Avinor om korleis dette skal følgjast opp. Denne dialogen er ikkje avslutta. Denne regjeringa ønskjer ikkje å leggje til rette for unødvendig press på lønar og pensjon gjennom ytterlegare konkurranseutsetjing.
Av Hurdalsplatforma følgjer det vidare at regjeringa vil vidareføre og styrkje Avinor-modellen. Avinor og luftfartsnæringa vart hardt ramma av pandemien. Eg er oppteken av at Avinor skal leggje til rette for effektiv drift og riktige investeringar med sikte på langsiktig lønsemd etter pandemien og vil føre ein politikk som legg til rette for dette.