Frank Edvard Sve (FrP): Kan samfersdelsministeren leggje fram ei liste som dokumenterar medgåtte kostnadar for planlegging av disse omtalte prosjekta i Møre og Romsdal utanom Møreaksen, som utbyggingsdirektøren i Statens vegvesen viser til, fordelt pr prosjekt dei 5 siste åra?
Begrunnelse
Utbyggingsdirektøren i Statens vegvesen var ute med ei liste i Tidens krav den 18/4 ang planlegging av ulike prosjekt i Møre og Romsdal.
Frå før veit vi at ca 800 million kr har gått med på planlegging av Møreaksen, som no utbyggingsdirektøren i Statens vegvesen vurderar vil bli utsatt i minst 8 år.