Skriftlig spørsmål fra Linda Hofstad Helleland (H) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2025 (2022-2023)
Innlevert: 21.04.2023
Sendt: 24.04.2023
Besvart: 02.05.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Linda Hofstad Helleland (H)

Spørsmål

Linda Hofstad Helleland (H): Hva gjør statsråden for å legge til rette for økt digitalisering i kommunal sektor?

Begrunnelse

Digitalisering i kommunal sektor vil være sentralt for å gjøre kommunale tjenester mer effektive. Gjennom forenkling av tjenester, økt produktivitet og bedre samhandling med innbyggere og næringsliv. Digitale verktøy kan også bidra til å effektivisere arbeidsprosesser i kommuner. Automatisering av administrative oppgaver, som registrering av søknader og saksbehandling, kan frigjøre tid for kommunalt ansatte til å fokusere på mer komplekse oppgaver og øke produktiviteten. Solberg-regjeringen hadde digitalisering høyt på agendaen, og tok flere initiativ til et offensivt og målrettet arbeid med å fornye, forenkle og forbedre offentlig sektor. Se blant annet stortingsmeldingen Meld. St. 27. (2015-2016) Digital agenda for Norge — IKT for en enklere hverdag og økt produktivitet, digitaliseringsstrategien Én digital offentlig sektor: Digitaliseringsstrategi for offentlig sektor (2019) og stortingsmeldingen Meld. St. 30 (2019-20220) En innovativ offentlig sektor - Kultur, ledelse og kompetanse.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Kommunal sektor er heilt sentral i digitaliseringa i offentleg sektor, spesielt knytt til utvikling av digitale tenester til innbyggjarar og næringsliv og utviklinga av samanhengande digitale tenester. Digitaliseringsstrategien for offentleg sektor er gjeldande ut 2025, og fleire av tiltaka blir gjennomførte i samarbeid med KS.
KS, departementa og fleire direktorat følgjer opp tiltaka i strategien gjennom ein felles handlingsplan. Det strategiske samarbeidsrådet for samordna digitalisering i offentleg sektor er også sentrale i regjeringa sitt løpande arbeid. Departementet bidreg også direkte til digitaliseringa i kommunal sektor gjennom økonomisk støtte til KS til digitaliseringstiltak som kjem alle kommunar til gode.
Departementet og KS har samarbeida om korleis involvering av kommunal sektor skal skje når digitaliseringsarbeidet på statleg nivå har innverknad på kommunane. Departementet har utarbeidd prinsipp om likeverdigheit og innverknad, representativitet og involvering. I Digitaliseringsrundskrivet vert det no stilt klare krav til statlege verksemder om at prinsippa skal følgjast.
Regjeringa følgjer opp behovet for auka digital deltaking og kompetanse i befolkninga gjennom Handlingsplan for auka inkludering i eit digitalt samfunn som blir lagt fram før sommaren. Departementet har delt ut åtte mill. kroner i tilskot til søkjarar frå kommunesektoren som ønskjer å auke den digitale kompetansen til innbyggjarane. Tilskotsordninga støttar opp under regjeringa og KS sin felles ambisjon om å gi alle innbyggjarar høve til å delta i det digitale samfunnet. I 2022 vart det inngått ein ny samarbeidsavtale med KS om etablering av kommunale hjelpetilbod for å auka den digitale kompetansen til innbyggjarane. Avtalen varer ut 2025.
I arbeidet med ny nasjonal digitaliseringsstrategi er det heilt naudsynt at kommunesektoren er med. Det er allereie starta ein dialog med KS om korleis kommunesektoren kan involverast på best mogleg måte, mellom anna gjennom konsultasjonsmøta med KS om digitalisering.