Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2054 (2022-2023)
Innlevert: 26.04.2023
Sendt: 26.04.2023
Besvart: 03.05.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren gjere greie for kva regjeringa har gjennomført av faktiske tiltak for å hindre dødsulykker og alvorlige ulykker i trafikken?

Begrunnelse

Året 2022 var eit dystert år med tanke på alvorlige ulykker og dødsulykker i trafikken. Starten på 2023 har begynt også med mange alvorlige ulykker og dødsulykker, og lite er gjort frå regjeringa si side for å hindre desse tragiske ulykkene.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: 2022 var eit trist år for trafikktryggleiken i Noreg. Etter mange år med positiv utvikling, og etter syv år på rad som det sikraste landet i Europa målt etter talet på omkomne i høve til innbyggjartalet , fekk vi eit kraftig tilbakeslag. Frå 80 omkomne i 2021 til 118 omkomne i 2022 . Samstundes må vi ha i mente at talet på omkomne i 2021 var uvanleg lågt, og endringa blir difor svært stor frå eitt år til eit anna. Uansett er talet for høgt.
Resultatet for 2022 viser at vi er på etterskot i høve til ambisjonen om maksimalt 350 drepne og hardt skadde i 2030, og av desse maksimalt 50 drepne. Dette tek vi på stort alvor, og vi er innforstått med at arbeidet med trafikktryggleik må styrkast ytterlegare.
Det er stor breidd i det norske arbeidet med trafikktryggleik, og det blir gjennomført tiltak innanfor mange ulike område og med mange involverte aktørar. Dette blir vist mellom anna gjennom arbeidet med Nasjonal tiltaksplan for trafikksikkerhet på vei.
I planen for 2022-2025 er det totalt 179 ulike trafikktryggingstiltak, som vil bli følgde opp gjennom planperioden. Ti ulike statlege aktørar, 20 interesseorganisasjonar, alle fylkeskommunane og dei åtte største bykommunane har forplikta seg til å gjennomføre tiltak i tiltaksplanen. Tiltaka er i hovudsak innanfor 15 ulike innsatsområde, og omfattar både fysiske tiltak, trafikant- og køyretøyretta tiltak, organisatoriske tiltak og kunnskapsoppbygging. Det er stort fokus på å ta i bruk ny teknologi, der dette kan bidra til betre trafikktryggleik. Planen følgjer opp ambisjonen for ulukkesreduksjon og hovudinnsatsområda i Nasjonal transportplan.
Regjeringa prioriterer arbeidet med trafikktrygging høgt. Det er fatta mange avgjerder der omsynet til trafikktryggleik har vore ein hovudgrunngjeving. Eg tek med nokre døme:

• Det er innført strengare reguleringar knytte til bruk og eige av elsparkesyklar, og vi har sett at skadetala var betydeleg lågare i 2022 enn i 2021.
• Innsatsen til automatisk fartskontroll (ATK) har auka. Det er godt dokumentert at ATK gir god trafikktryggingseffekt. Dette gjeld både punkt-ATK og streknings-ATK.
• Sosial dumping i transportsektoren gir auka risiko for alvorlege trafikkulukker. Dette er ein viktig del av grunngjevinga for at det i statsbudsjettet for 2023 ble sett av 40 millionar kr til Statens vegvesens oppfølging av regjeringas handlingsplan mot sosial dumping i transportsektoren. Løyvinga blir brukt blant anna til å tilsetje 35 personar som skal arbeide med kontroll og tilsyn.
• Det er bestemd at kravet om helseattest for bilførarar over 80 år skal behaldast. Avgjerda blei tatt etter faglege vurderingar frå Statens vegvesen og Helsedirektoratet, der det blei peika på at det å fjerne kravet om helseattest ville kunne gje fleire drepne og hardt skadde.

Denne regjeringa prioriterer å ta vare på vegane våre. Det betyr at drift, vedlikehald og utbetringar blir prioritert, noko som og er viktig for tryggleiken.
Som nemnt innleiingsvis må arbeidet med trafikktryggleik styrkast ytterlegare. Dette vil det bli gjort nærmare greie for i Nasjonal transportplan for 2025-2036 (NTP), som skal leggjast fram for Stortinget våren 2024. Omtala i NTP vil mellom anna vise regjeringas mål, strategiar og innsatsområde innanfor arbeidet med trafikktryggleik, og peike på behov for kursendringar.