Skriftlig spørsmål fra Mímir Kristjánsson (R) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2085 (2022-2023)
Innlevert: 28.04.2023
Sendt: 28.04.2023
Besvart: 05.05.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Mímir Kristjánsson (R)

Spørsmål

Mímir Kristjánsson (R): Rogaland fylkeskommune søkjer om å forlenge "Haugalandspakken" med inntil 3,5 år.
Er ei slik forlenging mogleg og lovleg slik samferdselsministeren vurderer det, og kvar i stortingsproposisjonen for "Haugalandspakken" er det i så fall opna for å gi ei slik forlenging?

Begrunnelse

I bompengeproposisjonane til fleire av dei porteføljestyrte bompengepakkane ligg det inne ein standardformulering om at viss økonomien blir svakare enn forutsett, kan takstane aukast med inntil 20 prosent, og innkrevingsperioden forlengast med inntil fem år. Desse mekanismane er meint som ein buffer i prosjekta og skal styrke posisjonen til garantistillarane for bompengelåna.

«Nye retningslinjer for porteføljestyrte bompengepakker» – frå mai 2019 – hadde til hensikt at denne praksisen ikkje lenger skulle vidareførast. Det blei i retningslinjene slått fast at «i porteføljestyrte bompengepakkar skal kostnadsaukingar og inntektssvikt handterast ved kutt i porteføljen. Moglegheita til å auke gjennomsnittstaksten og forlenge innkrevingsperioden med inntil fem år fell bort, men takstane kan justerast slik at gjennomsnittstaksten blir oppretthalden.»

Om ein les St. prp. 57 (2006–2007), så finn ein at standardformuleringa som opnar for takstauke og forlenging av innkrevingsperioden, faktisk ikkje er nemnt i proposisjonen for Haugalandspakken. Det lovlege grunnlaget for å forlenge Haugalandspakken er dimed truleg ikkje til stades. I nemnte proposisjon kjem det klårt fram at det ikkje er planlagt lånefinansiering av prosjekt i Haugalandspakken, og at det difor heller ikkje er aktuelt med kommunale eller fylkeskommunale garantiar. Med bakgrunn i dette er det ikkje noko grunnlag for å styrke «posisjonen for garantistillarane for bompengelåna» (jamfør sitat ovanfor).
Det er også eit faktum at prosjektporteføljen i Haugalandspakken gjennom fleire omgangar har blitt redusert i tråd med økonomien i bompengepakken, slik føresetnaden var i proposisjonen. I forbindelse med den omsøkte forlenginga har fylkeskommunen no lagt til nye prosjekt – eller i alle fall prosjekt som tidlegare var tekne ut av porteføljen – då for å få flest mogleg av kommunane til å vere med på ein søknad om forlenging av bompengepakken.
Med bakgrunn i dette er det god grunn til å spørje om det i det heile tatt finst eit grunnlag for å forlenge Haugalandspakken etter 1. juli 2023.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Stortinget har slutta seg til bompengeinnkrevjing på Haugalandet gjennom handsaminga av St.prp. nr. 57 (2006-2007) Om delvis bompengefinansiering av prosjekt og tiltak på Haugalandet i Rogaland og Hordaland jf. Innst. S. nr. 214 (2006-2007) og St.prp. nr. 45 (2007-2008) Om nokre saker som gjeld veg og jernbane, jf. Innst. S. nr. 242(2007-2008).
Innkrevingsperioden vart satt til 15 år, og vil løpe ut 30. juni 2023. Eg er kjend med at lokale styresmakter ønsker å unngå opphald i bompengeinnkrevjinga på Haugalandet. Rogaland og Vestland fylkeskommunar, samt Haugesund, Tysvær, Bokn, Vindafjord, Sveio og Etne kommunar har derfor fatta lokale vedtak om ei forlenga bompengeinnkrevjing til 2026 eller til ei ny bypakke for Haugesund er etablert, dersom det skjer tidligare enn 2026. Eg er vidare kjend med at det føregår arbeid lokalt for ei ny bypakke for Haugesund med sikte på oppstart av bompengeinnkrevjing i 2025. Eg legg til grunn at ei eventuell ny bypakke vert utarbeida i tråd med gjeldande retningsliner for porteføljestyrte bompengepakker.
Dersom det skal vere bompengeinnkrevjing på Haugalandet etter 30. juni, krev dette etter veglova § 27 nytt samtykke frå Stortinget. Det må i så fall leggjast fram ei ny sak for Stortinget bygd på lokalpolitiske vedtak, som Stortinget må slutte seg til.