Skriftlig spørsmål fra Linda Hofstad Helleland (H) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2096 (2022-2023)
Innlevert: 28.04.2023
Sendt: 02.05.2023
Besvart: 10.05.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Linda Hofstad Helleland (H)

Spørsmål

Linda Hofstad Helleland (H): Kan statsråden gjøre rede for nye initiativ regjeringen Støre har igangsatt for å regulere kunstig intelligens, og videre hvordan regjeringen arbeider for å følge den regulatoriske utviklingen i EU for å sikre en rask implementering av forordningen EU Artificial Intelligence Act når den sluttføres, der statsråden ikke kun henviser til en ny digitaliseringsstrategi?

Begrunnelse

Våren 2021 la Europakommisjonen frem et forslag til regulering av kunstig intelligens (KI), kjent som EU Artificial Intelligence Act. Gjennom et posisjonsnotat til EU ble Norges syn på den foreslåtte reguleringen fremlagt det samme året. Siden den gang har utviklingen innenfor kunstig intelligens vært enorm, og den har brakt med seg nye muligheter, men også vesentlige utfordringer. I lys av utviklingen har stadig flere tatt til orde for regulering. Det forventes at EU Artificial Intelligence Act vil inkludere tydeligere regulering innenfor blant annet generativ KI enn det som forelå våren 2021. Med en teknologiutvikling på feltet som er svært rask, er det viktig at myndighetene er tilsvarende raske med å sikre tilstrekkelig regulering. Spørsmålsstiller er kjent med statsrådens svar i Dok. 15:357 (2022-2023), og ønsker en oppdatering på nye initiativer siden statsråden svarte på det spørsmålet. Spørsmålsstiller ønsker at Norge aktivt arbeider med å realisere potensialet i teknologi som KI, men innenfor regulerte rammer som gir ansvarlige, presise og sikre systemer.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: På same måte som førre regjering, har heller ikkje denne regjeringa sett i gang einsidige norske initiativ for å lovregulere kunstig intelligens (KI). Dette er det heller ingen andre land i Europa som har gjort. For å få til ei god regulering av dette grenseoverskridande området, er internasjonalt samarbeid avgjerande.
Eg meiner dei etiske prinsippa vi har for KI i dag, og som er harmonisert med til dømes OECD sine prinsipp, står seg godt. Det kan likevel vere vanskeleg for verksemder å operasjonalisere desse prinsippa. Eg har derfor gitt Digitaliseringsdirektoratet i oppdrag å utarbeide rettleiing for offentlege verksemder som vurderer å ta i bruk KI. Rettleiinga vil vere offentleg tilgjengeleg på direktoratet sine nettsider, slik at alle verksemder som ønsker kan bruke dei.
I tillegg vil eg trekke fram det arbeidet Datatilsynet gjer i sitt testmiljø for kunstig intelligens (den såkalla regulatoriske sandkassa). Frå 2022 har denne regjeringa sikra permanent finansiering og vidareføring av Sandkassa. Datatilsynet gjer informasjon frå alle prosjekta tilgjengelege på sine nettsider, slik at informasjonen kan komme til nytte for alle som vurderer å bruke personopplysningar i KI-prosjekt.
Representanten Helleland skriv at ho er kjent med mitt svar til Representanten Stensland (Dok 15:357 (2022–2023)) om korleis vi arbeider for å påverke arbeidet med KI-forordninga til Europakommisjonen, blant anna gjennom deltaking i arbeidsgrupper på embetsnivå, og vårt engasjement i OECDs arbeidsgruppe på KI.
Av nye initiativ vil eg trekke fram at Noreg deltek i Europarådet sin «Committee on Artificial Intelligence» (CAI). CAI arbeider no med å framforhandle ein konvensjon om utvikling, design og bruk av KI som vil sette ytre rammer for korleis KI kan utviklast for å ivareta menneskerettar, demokrati og rettstryggleik. Denne konvensjonen vil òg danne ei ytre ramme for EU si KI-forordning.
Kommunal- og distriktsdepartementet følger arbeidet med å framforhandle KI-forordninga tett, både gjennom arbeid i embetsgruppene eg allereie har nemnt, og gjennom vår IT- og forvaltningsråd i Brussel.
Ei forordning frå EU som skal tas inn i norsk rett, må tas inn utan endringar. Når ei forordning frå EU skal innlemmast i norsk rett, må først EØS-komiteen behandle ho, slik at ho kan tas inn i EØS-avtalen. Saker som treng lovendring i Noreg, Island eller Liechtenstein, eller som er av særleg nasjonal viktigheit, kan trenge parlamentssamtykke i eit eller fleire av EFTA-landa i EØS, i medhald av artikkel 103 i EØS-avtalen, før EØS-komiteen sitt vedtak blir rettskraftig. Viss Noreg tar slikt atterhald, vil regjeringa fremje ein proposisjon til Stortinget og be om samtykke til vedtaket i EØS-komiteen.
Behandling i EØS-komiteen krev såleis at medlemslanda er klare med sine nasjonale vurderingar, og sjølv om ein kan forberede seg gjennom å følgje prosessen i EU tett, kan ein ikkje fullføre behandlinga før forordninga er vedtatt i EU. Sidan forordningar har direkte verknad i EU (trer umiddelbart i kraft utan behov for nasjonale vedtak), men krev gjennomføring i nasjonal rett i EFTA-landa i EØS (gjennom nasjonale politiske vedtak), vil samtidig gjennomføring i praksis ikkje late seg gjere. Forordningar inngår derfor heller ikkje i samanlikninga ("scoreboard") mellom EU og Noreg når det gjeld nasjonal implementering av EU-rettsakter.
I utkastet til KI-forordning er det foreslått at ho skal gjelde frå 24 månader etter at ho er tredd i kraft. I denne perioden kan det arbeidast med å gjere forordninga gjeldande for Noreg, viss vi vurderer at dette er ønskeleg.