Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2148 (2022-2023)
Innlevert: 05.05.2023
Sendt: 08.05.2023
Besvart: 12.05.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Kva ville Masfjordensambandet fått i ferjeavløysingstilskott om man la til grunn 2017 nivå på nøkkelen med tillegg av alle forbetringar av ordningen fram til i dag?

Begrunnelse

Eg viser til Dokument nr. 15:2030 (2022-2023) der statsråden opplyser om nivået på tilskottet til Masfjordensambandet basert på 2017 nøkkel utan forbetringane i ordninga siden 2017 oppmot dagens nøkkel. Det som er interessant er kva sambandet ville fått om forståelsen er slik eg har at man skal bruke nøkkelen fra 2017 samt alle forbetringar i ordningen fram til i dag.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Kommunal- og distriktsdepartementet fastsette i brev av 28. mars 2023 det årlege beløpet med ferjeavløysingsmidlar til Masfjordsambandet til 21,7 mill. kroner, med utgangspunkt i kostnadsnøkkelen for 2017. Det årlege beløpet vil bli prisjustert med 2,5 prosent i heile utbetalingsperioden.
Ferjeavløysingsordninga blei i 2020 utvida til òg å omfatte inntil 50 prosent av dei berekna rentekostnadene i eit ferjeavløysingsprosjekt, jf. Prop. 1 S (2019–2020) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Rentekostnadene blir kompensert ved å utvide lengda på utbetalingsperioden for ferjeavløysingsmidlar, ikkje ved å auke det årlege beløpet med ferjeavløysingsmidlar. Ifølge dagens retningslinjer for ordninga, skal det årlege beløpet med ferjeavløysingsmidlar betalast ut til ein når dei nominelle byggekostnadene og inntil 50 prosent av berekna rentekostnader, men ikkje lenger enn i maksimalt 45 år. Meirverdiavgiftskompensasjon og eventuelle finansieringsbidrag frå bompengar blir trekt frå byggjekostnadene i berekninga av rentekostnader og lengda på utbetalingsperioden.
Viss Masfjordsambandet skulle tatt del i utvidingane av ordninga etter 2017 og i tillegg bli behandla ut frå kostnadsnøkkelen i 2017, ville det årlege beløpet lege fast på 21,7 mill. kroner. Men lengda på utbetalingsperioden ville blitt utvida for å dekke delar av rentekostnadene til prosjektet.
I vedtaket om ferjeavløysingsmidlar til Masfjordsambandet skriv departementet at lengda på utbetalingsperioden vil bli fastsett på bakgrunn av den oppdaterte finansieringsplanen som fylkeskommunen eventuelt vil vedta på bakgrunn av godkjenninga av prosjektet. Departementet har ikkje mottatt ein oppdatert finansieringsplan for prosjektet, og har derfor ikkje fastsett lengda på utbetalingsperioden enno.
Viss ein legg til grunn den same styringsramma for prosjektet som i vedtaket til Hordaland fylkesting i desember 2017 og prisjusterer til 2023-kroner, vil fylkeskommunen få utbetalt ferjeavløysingsmidlar for Masfjordsambandet i 30 år. Viss prosjektet i tillegg skulle fått dekt inntil 50 prosent av dei berekna rentekostnadene, ville utbetalingsperioden vore på 37 år (med rentenivået i 2022).
I utrekninga er det lag til grunn ei styringsramme på 1,2 mrd. kroner, 216 mill. kroner i mva.-kompensasjon og 181 mill. kroner i bompengar (2017-kroner). Det nominelle beløpet som skal dekkast med ferjeavløysingsmidlar er med det på 803 mill. 2017-kroner, eller 953 mill. 2023-kroner. Ferjeavløysingsmidlane blir prisjustert med 2,5 prosent årleg gjennom heile utbetalingsperioden, og den samla utbetalinga vil vere på 953 mill. kroner etter 30 år.
Med ei rente på 3,54 prosent (tilsvarande kalkylerenta til Kommunalbanken i 2022), vil dei berekna rentekostnadene til prosjektet vere på om lag 675 mill. kroner. Viss halvparten av dette skal dekkast med ferjeavløysingsmildar, må lengda på utbetalingsperioden utvidast med sju år.
Det årlege beløpet med ferjeavløysingsmidlar til Masfjorden er langt høgare i vedtaket til departementet etter 2017-nøkkelen, enn det ville ha vore med dagens kostnadsnøkkel. Viss ein hadde lagt til grunn kostnadsnøkkelen i 2023, ville det årlege beløpet blitt på om lag 10 mill. kroner. Den samla nominelle utbetalinga ville dermed vore på om lag 800 mill. kroner etter 45 år, altså mindre enn det fylkeskommunen vil få etter 30 år med departementets vedtak. Det er ein stor fordel for fylkeskommunen å få eit høgare årleg beløp med ferjeavløysingsmidlar frå starten, enn eit lågare beløp over ein lengre tidsperiode.
Eg meiner at Masfjordsambandet kjem svært godt ut ved å bli behandla etter kostnadsnøkkelen og ferjeavløysingsordninga for 2017. Eg meiner òg at det må takast omsyn til dei andre fylkeskommunane som er med på å finansiere ordninga. Det bør ikkje opnast for at fylkeskommunane på fritt grunnlag skal kunne velje å bli behandla ut frå dei beste elementa i ordninga frå ulike tidspunkt, sidan finansieringsbyrda for dei andre fylkeskommunane då vil bli urimeleg stor.