Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren gjere greie for dagens ferjestandard som finansieringsgrunnlag for ferjedrifta i fylkeskommunane som har danna grunnlaget for svært store ekstra underskot i ferjedrifta i fylka etter innføring av nullutslippsferjer og korleis har samferdselsministeren tenkt å finansiere dette samt organisere dette når dagens finansieringssystem overfor fylkeskommunal ferjedrift feilar så fundamentalt?
Begrunnelse
Samferdselsministeren har vore ute og informert om at regjeringa vil pålegge alle nye kontrakter for ferjer og hurtigbåt skal være nullutslipp om få år.
Stortinget har tidligare gjort vedtak og bedt om det same, utan at kostnadane med innføring av nullutslippsferjer har blitt kompensert for fylkeskommunane.
Fylkeskommunane har i dag svært store ekstrautgifter pga. innføring av nullutslippsferjer, og berre Møre og Romsdal aleine har meire enn 200 mill. kr pr år i ekstrautgifter og underskot i ferjedrifta pga. innføringa av el-ferjer på mange samband.
Det høyrer med til historien at staten har passa på å fullfinansiere overangen til el -ferjer for riksvegsambanda, men ikkje gjort dette for fylkesvegferjene som står for storparten av ferjeflåten her i landet.
Dersom fylkeskommunane skal innføre nullutslipp på alle ferjer og hurtigbåtar, krevast det ei reell berekning av dei faktiske kostnadane for dei ulike fylka for ferjedrifta samt hurtigbåt.
I dag er det ein nasjonal ferjenøkkel som ikkje liknar på noko som helst og denne står overhode ikkje i samsvar med dei faktiske ferjetilboda i fylka. Skulle fylkeskommunane ta ned ferjedrifta til standarden til nasjonal ferjestandarden hadde landet stoppa fullstendig opp i praksis. Denne nasjonale ferjestandarden er også grunnlaget for finansiering av ferjedrifta i fylka, og framstår berre som ein gammaldags og dårleg måte å spare pengar på for staten.
Ingen har tiltru til at eit slikt pålegg om nullutslipp for alle ferjer og hurtigbåtar blir noko anna enn fullstendig krise økonomisk for fylka, med den konsekvens at fylka anten må legge ned ferje og hurtigbåttilbod dersom staten ikkje reelt dekkar ekstrakostnadane. Ingen ting tyder på at verken samferdselsministeren. eller resten av regjeringa har fått med seg realitetane i ferjedrifta landet rundt.
Samferdselbehovet på vegane og jernbane her i landet kan ikkje samanliknast i dag og for få år sidan, utviklinga er raskt veksande behov for betre og større kapasitet.
Derimot kan det sjå ut til at ein eller anna i departement eller anna ikkje har fått med seg at dette også er gjeldande for ferjedrifta, som faktisk er ein svært viktig del av "vegen" langs heile kysten. Når dagens nasjonale ferjestandard har vore parkert i årevis, er dagens regjering ikkje eit unntak.