Liv Kari Eskeland (H): Viser til oppdragsbrev av 23/2-23 fra SD til verksemdene der dei ber om ei vurdering av alle prioriterte prosjekt i sitt prioriteringsoppdrag 31/3-23. I det felles grunnlaget av føresetnadane verksemdene har antatt, er fleire variabler som bensinpris, bompenger mm er satt så høgt at transportnytten fell kraftig.
Meinar statsråden at det er hensiktsmessig å legge inn urealistiske variabler i analysemodellene for å tilfredstille eit teoretisk mål - og med det skape uvisse om vi i det heile tatt skal byggjast vegar i landet vårt?
Begrunnelse
Regjeringen bestilte 23. februar tilleggsutredning fra transportetatene i høve NTP arbeidet.
I rapporten «Klimabaner – forutsetninger og resultater» vert det lagt til grunn føresetnader som totalt vil endre trafikk på alle vegane i landet, og bygging av nye vegar vil i følgje samfunnsnytteberekningar aldri bli bygd.