Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til statsministeren

Dokument nr. 15:2281 (2022-2023)
Innlevert: 19.05.2023
Sendt: 19.05.2023
Rette vedkommende: Helse- og omsorgsministeren
Besvart: 01.06.2023 av helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Er statsministeren samd med helseministeren i at kosthaldsråda skal vere kunnskapsbaserte og byggje på eit vitskapleg grunnlag, i at «...for at befolkningen som heilhet skal ete meir i samråd med kostråda frå Helsedirektoratet – må dei aller fleste ete meir fisk, grove kornprodukt, frukt og grønsaker, og avgrense inntaket av raudt og omarbeidd kjøt» og i at dei aller fleste menn med fordel kan ete mindre kjøt?

Begrunnelse

Helseministeren sine utsegner referert i spørsmålet, er henta frå svar til Stortinget på skriftlig spørsmål nr. 265 (2022–2023) og svar på spørjetimespørsmål frå Emma Georgina Lind (V) i Stortinget 3. mai 2023.
Svara framstår for underteikna som nøkterne, kunnskapsbaserte og fagleg ukontroversielle, men påfallande nok har det trass i gjentekne forsøk frå underteikna synt seg umulig å få landbruks- og matministeren, som har det overordna ansvaret for å syte for produksjon av mat til det norske folk, til å stadfeste at ho er samd med helseministeren i dette. Tvert imot har landbruksministeren ved stått fram i medieoppslag om at «En middag uten kjøtt er ingen middag», og seier at ho «..vil ikke løfte en finger for å kutte i norsk kjøttproduksjon – uansett hva kostholdsrådene sier.» (Aftenposten, 25. april).
Det hadde difor vore av interesse å høyre om det er helseministeren eller landbruksministeren som har støtte frå statsministeren i denne saka – eller om statsministeren meiner norsk landbrukspolitikk skal vere fråkobla norsk folkehelsepolitikk.

Ingvild Kjerkol (A)

Svar

Ingvild Kjerkol: Usunt kosthald er ein av dei viktigaste risikofaktorane for utvikling av ikkje-smittsame sjukdommar som kreft, diabetes og hjarte- og karsjukdom. I Noreg er det Helsedirektoratet som gjev ut kosthaldsråd. Dei tilrår eit balansert kosthald med avgrensa mengder raudt og omarbeida kjøtt. Nasjonale undersøkingar viser at nordmenn et for lite frukt, bær, grønsaker, grove kornprodukt og fisk og sjømat, og at enkelte grupper, spesielt menn, et meir raudt og omarbeida kjøtt enn det som er tilrådt som maksimumsgrense. Mellom ein fjerdedel og ein femtedel av vaksne menn et dobbelt så mykje raudt kjøtt som tilrådt. Disse gruppene kan derfor ha ein helsemessig fordel av å redusere sitt inntak av raudt og omarbeida kjøtt.
Samstundes veit vi at kjøtt inneheld mange nyttig næringsstoff som vi har behov for, og at dette er næringsstoff som det kan være vanskeleg å få i seg på annan måte dersom ein ikkje er spesielt oppteken av, eller har god kunnskap om, ernæring. Det vert ikkje anbefalt å unngå å ete raudt kjøt, men dei aller fleste menn og nokre kvinner kan med fordel ete mindre.
Det er inga usemje i regjeringa om at vi skal styrke og vidareutvikle arbeidet med eit sunt og ikkje minst berekraftig og klimavennleg kosthald, som òg landbruks- og matministeren gjorde greie for i munnleg spørjetime på Stortinget 3. mai i år. Når ein skal vurdere kva som ligg i omgrepet berekraft er det likevel ulike meiningar om dette. Det er òg ulike meiningar om kva tiltak som vil vere dei beste for å nå dei overordna måla våre innan dette området. Det må vi respektere. Eg meier det er riktig, og viktig, at vi diskuterer desse spørsmåla og har respekt for dei ulike synspunkta som kjem frem. Debatten om klima og berekraft er vanskeleg innan fleire områder, mellom anna fordi kunnskapsgrunnlaget innanfor berekraft er svakare enn det til dømes er innan kosthaldsområdet. Vidare er det er mange omsyn som må takast for at heilheita skal bli vareteke.
Vi skriv i Hurdalsplattforma at vi mellom anna skal sikre god ernæring i befolkninga, leggje til rette for auka matproduksjon og verdiskaping, auke sjølvforsyningsgraden, redusere klimagassutsleppa og auke opptaket av karbon, i tillegg til å sikre landbruk over heile landet. Vi treng debatt for å finne dei gode løysingane innan desse områda og eit godt kunnskaps-grunnlag for å kunne ta dei riktige avgjerda. Eg ser fram til framlegginga av dei nye nordiske ernæringstilrådingane i juni. Helsedirektoratet vil vurdere desse og koma med råd om korleis dei bør bli følgt opp, men hovudformålet med kosthaldsråda vil framleis vere å fremje sunn og god ernæring – og dermed helsegevinst. Kosthaldsråda er sentrale for folkehelsearbeidet i Noreg. Dei skal bygge på eit oppdatert vitskapleg kunnskapsgrunnlag om samanhengen mellom kosthald og helse, og skal være førande for myndigheitenes kosthaldsarbeid. Dette er vi samde om i regjeringa.