Skriftlig spørsmål fra Silje Hjemdal (FrP) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:2287 (2022-2023)
Innlevert: 19.05.2023
Sendt: 19.05.2023
Besvart: 25.05.2023 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Silje Hjemdal (FrP)

Spørsmål

Silje Hjemdal (FrP): Når kan det forventes at ministeren legger frem konkrete forslag til en bedre familiepolitikk slik som hun tar til orde for?

Begrunnelse

I Bt 19 mai kan vi lese at familieministeren igjen er ute å tar til orde for at man må se nærmere på løsninger som stimulerer til at nordmenn får flere barn.
Hun nevner ikke den rigide tredelingen av foreldrepermisjon med et eneste ord, som mange småbarnsfamilier i dag opplever som belastende i egen hverdag. Familier ønsker først og fremst mer valgfrihet til å bestemme selv og mener at det og muligheten til å beholde mer av egne penger er avgjørende for familienes valg om en evt. forøkelse.
Ministeren åpner imidlertid for:

• Å styrke den økonomiske støtten til studenter og andre unge som får barn
• Å gi skattelette eller økonomiske overføringer til familier som får mer enn to barn
• Å slette studiegjeld for de som får barn i studietiden
• Å øke barnetrygden for barn mellom seks og 18 år
• Å utvide retten til barnehageplass for desemberbarna eller innføre løpende barnehageopptak
• Å bruke boligpolitikken for å få bedre plass til familier i byene

Dette er selvsagt løsninger også Frp blir med å diskutere. Imidlertid er det ikke lenge siden regjeringspartiene stemte med Frps forslag om løpende barnehageopptak. Det er ingen skam å snu, men det er vanskelig å få fatt i om dette er høyttenkning fra familieministeren eller om det er noe hele regjeringen står bak.
Nå har ministeren over tid og ved flere anledninger kommentert til medier at noe må gjøres men svært få forslag eller løsninger er fremmet. Det var også lite, om noe i regjeringens forslag til revidert budsjett som samsvarer med uttalelsene i dagen avis.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Eg er opptatt av at vi har ordningar som er gode for barnefamiliane, slik at dei kan ha ein kvardag som går i hop. Sjølv om eg ønskjer å leggje til rette for at folk kan få barn dersom dei ønskjer det, verken kan eller ønskjer eg å bestemme kor mange barn folk skal få. Talet på fødde er først og fremst eit resultat av vala til dei einskilde familiane. Samstundes vil desse vala vere påverkeleg av dei rammebetingelsar som til ein kvar tid er for barnefamiliar i samfunnet. Det samla talet fødde, saman med andre trendar i befolkningssamansetninga – som eksempel at me lev lenger – vil og kunne ha verknader for samfunnet og for økonomien. Færre fødslar, når endringa varar ved, kan også vere ein indikasjon på strukturelle samfunnsendringar som det bør vere merksemd om, til dømes situasjonen og framtidsutsiktene til familiar og barn.
Kvinner få i snitt færre barn enn tidlegare. Samla fruktbarheitstal for kvar kvinne fall frå 1,98 i 2009 til 1,41 i 2022. Dette er ei utvikling vi også ser i andre nordiske land. I følgje SSB har 54 prosent av kvinnene som fylte 30 år i 2022 ikkje fått barn. Samstundes får kvinner som er i slutten av sin reproduktive alder (44-50 år) 2,1 barn per kvinne. Noko av nedgangen i fødselstalet kan sannsynlegvis forklarast med at kvinner i reproduktiv alder utset å få sitt fyrste barn, samanlikna med tidlegare.
Eg har ønska å vite meir om moglege årsaker til og konsekvensar av nedgangen i fødselstala. Eg er og oppteken av om det kan vere formålstenleg å setje i verk tiltak for å bidra til at dei som ønskjer det får fleire barn enn i dag. Departementet har, på bakgrunn av nedgangen i talet på fødsler i Noreg over tid, gitt OECD i oppdrag å gjennomfør ein studie om norsk familie- og oppvekstpolitikk. Prosjektet er venta avslutta i juni i år, og eg ser fram til at rapporten vil gi oss meir kunnskap. Det kan hende me må tenke breiare enn økonomien til familiar med små barn for å forstå dei fallande fødselstala. Det er for tidleg å vere meir konkret førebels.
Vi har nokon av dei beste offentlege ordningane i verda for familiar. Maksimalprisen i barnehagen har blitt satt ned frå januar i år. Einslege forsørgjarar fekk frå mars i år auka utvida barnetrygd med 5000 kroner i året. Dette er viktige tiltak.
Som representanten nemner, er utforminga av foreldrepengeordninga viktig for familiane. I Noreg har vi ei svært god foreldrepengeordning, som skal gjere det mogleg å kombinere barn med å vere aktiv i yrkeslivet. Det er nyleg innført fri utsetjing av foreldrepengar (frå oktober 2021), som skal gjere ordninga meir fleksibel. Frå august i fjor fekk far rett til 8 veker med foreldrepengar utan eit krav til at mor er i arbeid, utdanning eller liknande i desse vekene (aktivitetskravet er oppheva for desse vekene), og han kan òg ta ut to veker i samband med fødselen.
Det følgjer av Hurdalsplattforma at regjeringa vil vidareføre ein tredelt foreldrepermisjon og sikre mor moglegheit til å amme i tråd med helsefaglege råd. Me vil gjere kvardagen for både mor og far lettare i perioden med heilt små barn, utan å kutte i fedrekvota. Regjeringa har starta eit arbeid med å forlenge foreldrepengeperioden ved 80 pst. dekning, slik at den samla utbetalinga blir tilsvarande som ved 100 pst. Foreldre med opptent rett til foreldrepengar kan i dag velja å få 100 prosent inntektsdekning i 49 veker eller 80 prosent inntektsdekning i 59 veker. Ein tapar pengar dersom ein tar ut redusert sats (80 pst.), og dei fleste vel i dag full sats. Halvparten av mødrer tek i tillegg ulønt permisjon, noko som kan ha uheldige konsekvensar for dei. Ei forlenga foreldrepengeperiode med 80 prosent kan bidra till å redusere bruken av ulønt permisjon, til dømes i påvente av barnehageplass, og kan òg gje mor noko lengre tid til å amme. Regjeringa tek sikte på å gjennomføre endringa i 2024.
Eg er oppteken av å sikre mor høve til å amme i tråd med helsefaglege råd. Det er ei viktig folkehelseprioritering, og mange mødrer er opptatt av dette. Mor har rett til ammefri etter arbeidsmiljølova, men praktiseringa av denne retten kan vere utfordrande for enkelte arbeidstakarar. I folkehelsemeldinga, som blei lagt fram 31. mars i år, er det skissert tiltak som skal bidra til å betre praksis når det gjeld retten til ammefri.