Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselministeren leggje fram ei oversikt over rasteplassar med toalett på Rv 15 frå Stryn til Otta, kva opningstider desse har og samtidig gje ei forklaring på kva vanlige folk og næringslivet skal gjere den tida toaletta er stengt?
Begrunnelse
På strekninga Stryn til Otta på RV 15 er der begredelig med rasteplassar med toalett.
Sist søndag køyrde eg denne strekninga og absolutta alle toalett var stengt. Kvifor desse er stengt på ei årstid der turistsesongen har begynt samt på ei strekning der det normalt også er stor næringstrafikk er vanskeleg å forstå.
Enda verre blir det på den årstida der Grotli høgfjellshotell har stengt, samt på tida av døgnet andre butikkar osv. også har stengt.