Alfred Jens Bjørlo (V): Kan statsråden stadfeste at Helsedirektoratet faktisk arbeider med ei vurdering av eit screeningprogram for tidlig oppdaging av prostatakreft, samt gi ein tidsplan og ein tidsfrist for når dette arbeidet skal vere ferdig?
Begrunnelse
I 2022 fekk 5474 menn i Norge prostatakreft. Det er det høgaste talet nokonsinne, og gjer at prostatakreft rammar fleire enn noko anna kreftform i Noreg. Det er difor stort behov for tidleg oppdaging.
Statsråden har tidlegare opplyst at PSA-screening for tidleg oppdaging av prostatakreft blir vurdert av Helsedirektoratet og at det etter kvart vil kome ei tilråding. Likevel opplyser Helsedirektoratet i eit brev dei har sendt til Sykehuset Østfold at dei IKKJE arbeider med å vurdere ei slik screening.
Det er difor eit sterkt ønskje frå underteikna og Venstre si side at statsråden opplyser om korvidt Helsedirektoratet faktisk arbeider med ei slik vurdering, og om det finst ein tidsplan og ein tidsfrist for når arbeidet skal vere ferdig.