Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram kor mange meter asfalt som vart lagt her i landet på fylkesvegane og på riksvegane spesifisert i åra, 2018, 2019, 2020, 2021 og 2022, og forventa ant meter på fylkes og riksvegane i 2023?
Begrunnelse
Riksrevisjonen legger no fram ein rapport som syner at manglande vegvedlikehold og gjennomføringa i Statens vegvesen, har stor betydning for graden av ulykker på Norske veier. Her blir det retta flengande kritikk og dette forventar vi regjeringa tar på det største alvor.
I 2022 var det året med lågast andel asfaltlegging her i landet sidan 2012, der 2012 var det siste året i førige raud/grøne regjeringstid. Likevel opplever vi at representantar frå regjeringspartia skryter av sin vegvedlikeholdssatsing, og at ein angjeveleg skulle har fått blomster for dette frå entreprenørar.
Korleis dette henger i hop veit ikkje eg, men her må det være nokon som har for mykje blomster i så fall.
Statsbudsjettet for 2023 varsla ytterligare nedgang i asfaltlegginga med heile 23 %. No har regjeringa varsla nye løyvingar til vegvedlikehold på riksvegane på i overkant av 1 milliard kr for 2023. Samtidig varslar Statens vegvesen at asfaltprisane har steget med mellom 15-20 %, noko som gjer eit stort innhogg i meter lagt asfalt.
I tillegg veit vi at statens vegvesen har fått ytterligar store ekstrakostnadar med bakgrunn i tap av rettsaker, som sjølvsagt tappar etatens grunnlag for vegvedlikehold.
I fylka som står for 44 000 km meter med fylkesveg, er situasjonen enda meir dramatisk. Kommunane fekk ein auke i kostnadane ang pris og lønsvekst på heile 12 milliard kr samla for 2022, som eg ikkje klarer å sjå er kompensert. For 2023 er det heller ikkje kompensert faktisk utgiftsauke i kommunanen fullt ut. Dette betyr mindre vegvedlikehold i fylka og vegvedlikeholdsetterslepet der aukar fortsatt.