Skriftlig spørsmål fra André N. Skjelstad (V) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2467 (2022-2023)
Innlevert: 07.06.2023
Sendt: 07.06.2023
Rette vedkommende: Fiskeri- og havministeren
Besvart: 19.06.2023 av fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran

André N. Skjelstad (V)

Spørsmål

André N. Skjelstad (V): Vil regjeringa ta initiativ til å indeksjustere terskelverdiane i porteføljestyringa i Kystverket og andre statlige etatar i samferdslesektoren, for slik å sørge for at intensjonen med porteføljestyringa blir etterlevd i tider med stor prisvekst?

Begrunnelse

Porteføljestyring i særleg samferdslesektoren gjer at dei ulike aktørane, som Statens vegvesen og Kystverket, kan følgje opp ulike prosjekt på ein hensiktsmessig måte. Det vert operert med ulike terskelverdiar. Er eit prosjekt under ein viss storleik kan byråkratiet gjennomføre prosjekta i tråd med vedtak i NTP mv.
For Kystverket sin del er det satt av om lag 2,5 milliardar kroner til 44 prosjekt som i 2021 var kostnadsrekna til under 100 millionar kroner, som er terskelen for Kystverket si porteføljeforvaltning.
Kystverket kommenterte denne porteføljestyringa slik i 2021:

«For at ressursane skal bli best mogeleg utnytta bør fleire tiltak bli gjennomført samla. Ei slik samanslåing i gjennomføringsfasen kan vere basert på ei geografisk samling av tiltak og/eller ei tematisk samling knytt til at prosjekta krev like leveransar (utdjuping, merkefundament etc). (…) Ei samla løyving til tiltak under 100 mill kr gir oss større fleksibilitet og gjer det enklare å planlegge og utføre ulike tiltak over ei lengre strekning. Då får vi ei meir effektiv gjennomføring av prosjekta, og ei mindre stykkevis og delt utbetring av farleiene.»

(Kjelde: https://www.kystverket.no/nyheter/2020/stor-prosjektportefolje-med-tiltak-under-100-millionar-kroner/)
Stor prisvekst på grunn av global uro mv. gjer at fleire prosjekt no er kostnadsrekna over terskelverdiane, og dermed må desse underkastast ei anna sakshandsaming, vedtaks- og gjennomføringsprosess, enn det porteføljestyringa har lagt opp til. Eit døme på prosjekt i ein slik posisjon er innsegling til Florø og Mortingsbåen i Kinn kommune i Vestland.
I eit slikt perspektiv framstår det som naturleg at ein bør prisjustere terskelverdiane, slik at ein kan oppnå dei same positive samfunnsøkonomiske effektane som t.d. Kystverket sjølv visar til. Slik kan ein også få ei raskare gjennomføring av svært mange viktige tiltak til lands og til vanns i heile Noreg.

Bjørnar Skjæran (A)

Svar

Bjørnar Skjæran: Systemet med porteføljestyring i samferdselssektoren vart innført med framlegginga av Meld. St. 20 (2020-2021) Nasjonal Transportplan 2022-2033. Som ein konsekvens av dette, blir korkje omfang eller rekkjefølge for gjennomføring av tiltaka endeleg bestemt i planen. I staden blir transportverksemdene bedne om å arbeide vidare med tiltaka for å redusere kostnader og auke nytta (optimalisering). Endringar i kostnader eller nytte vil føre med seg endringar i rangeringa av tiltak og tidspunkt for oppstart.
Kvart år legg verksemdene fram ei oppdatert porteføljeprioritering der tiltaka er rangerte mellom anna etter kor mogne dei er for gjennomføring, prissett lønsemd (netto nytte per budsjettkrone, NNB), ikkje-prissette verknader og uvisse. Den første porteføljeprioriteringa etter det nye systemet vart lagt fram i mai 2022, og i mai i år la transportverksemdene fram si andre porteføljeprioritering. I utgangspunktet er berre investeringstiltak som er nemnde i Nasjonal transportplan 2022-2033 (sjå tabell 12.2 for ei samla oversikt) omfatta av porteføljeprioriteringa. For Kystverket gjeld det tiltak med forventa investeringskostnad over 100 mill. kr.
I porteføljeprioriteringa som Kystverket la fram i mai i år, peiker etaten på at kostnadene til tiltak i farvatnet har auka betydeleg dei siste to åra. Fleire tiltak i farvatnet som fram til no har vore rekna som mindre tiltak, med forventa investeringskostnad under 100 mill. kroner, har no forventa kostnad over 100 mill. kroner. Kystverket har valt å ta med desse tiltaka i porteføljeprioriteringa, slik at denne prioriteringa no omfattar fleire tiltak enn i fjor.
Eg vil understreke at Kystverket si porteføljeprioritering er ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget for dei årlege budsjettprosessane og for forslag til løyvingar til større investeringstiltak på kystområdet. I praksis avheng behovet for løyvingar til større investeringstiltak i dei enkelte år av kva for konkrete tiltak som kan gjennomførast. Større tiltak vert difor ofte omtala i budsjettproposisjonen til Stortinget for å synleggjere konkrete resultat av løyvingane.
Eg vil òg peike på at Kystverket og dei andre statlege transportverksemdene har, og bør ha, stor fridom til å avgjere rekkjefølgja for gjennomføring og sjå ulike tiltak i samanheng. Dette gjeld både mindre investeringstiltak og tiltak innan drift og vedlikehald. I Prop. 1 S (2021–2022) for Samferdselsdepartementet blei det mellom anna opplyst om at regjeringa legg opp til å heve terskelverdien til 1 mrd. kr for når investeringsprosjekt på veg, jernbane og kyst skal leggjast fram for Stortinget med forslag om kostnadsramme, og når prosjekta skal omtalast i Prop. 1 S. Det blei peika på at terskelverdien med dette blir den same som terskelverdien for prosjekt som er omfatta av staten sin prosjektmodell for store investeringsprosjekt. Dette grepet er i tråd med målet i Nasjonal transportplan 2022–2033 om meir for pengane gjennom å gi verksemdene gode insentiv, tydelege forventningar og handlingsrom i gjennomføringa av investeringsprosjekta.
Regjeringa arbeider no med neste Nasjonal transportplan, med planperiode 2025-2036. Meldinga skal etter planen leggjast fram for Stortinget våren 2024. Som del av arbeidet vil regjeringa ta stilling til kva for prosjekt som vil utgjere investeringsporteføljen til kvar enkelt transportverksemd, og kva for «terskel», i form av forventa kostnad for investeringstiltak, som skal nyttast i meldinga i og porteføljestyringa i åra som kjem. I vurderinga av nivået på denne «terskelen» vil det mellom anna bli tatt omsyn til auka kostnader til investeringstiltak som følgje av prisstiging.