Alfred Jens Bjørlo (V): Har regjeringa senka ambisjonsnivået når det gjeld å styrke sosiale rettar for sjølvstendig næringsdrivande, eller legg regjeringa opp til å forbetre desse rettane i statsbudsjettet 2024 som oppfølging av Stortinget sitt vedtak i 2022 etter framlegg frå Venstre om at regjeringa skal utgreie om sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar skal opparbeide seg sterkare rett til inntektssikring, inkludert forbetring av sjukelønsordninga og sosiale ordningar for sjølvstendig næringsdrivande?
Begrunnelse
I pressemeldinga regjeringa sende ut fredag 9. juni i samband med innspel til utfordringar knytt til sosiale ordningar for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar, blir statsråden sitert på at "Regjeringen mener selvstendig næringsdrivende og frilanseres rettigheter er gode". Det er tilsynelatende ingen ambisjon om at innspela regjeringa ber om skal gi betre ordningar for sjølvstendig næringsdrivande.
I Hurdalsplattformen står det at Ap/Sp-regjeringa skal "Utrede og forbedre sosiale ordninger for selvstendig næringsdrivende", og våren 2022 ba eit samla Storting etter framlegg frå Venstre om at regjeringa skal "..utrede om selvstendig næringsdrivende og frilansere skal opparbeide seg sterkere rettigheter til inntektssikring, inkludert forbedring av sykelønnsordningen og sosiale ordninger for selvstendig næringsdrivende".