Frank Edvard Sve (FrP): Kan ministeren forklare kvifor politiet ser ut til å prioritere i stor grad kontrollar på noko av dei tryggaste vegane, framfor å prioritere dei mest ulykkesutsatte vegane?
Begrunnelse
2022 var eit begredelig år med tanke på alvorlige ulykker og dødsulykker i trafikken her i landet. Dette ser dessverre ut til å fortsette med mange ulykker også så langt i år.
Eg køyrer mykje bil, og det er påfallande at politiet stort sett er fraværende i trafikkbildet generelt med uniformerte køyretøy, og ant. kontrollar er svært lave. Derimot er aktiviteten med sivile politibilar og slike kontrollar synleg på anten motorvegen frå Mjøsbrua til Oslo eller vidare frå Mjøsbrua og nordover i området med midtdeler og forbikøyringsfelt. Dette er noko av dei vegsystema vi har her i landet med lågast ant. ulykker og som framstår som noko av dei tryggaste vegane vi har her i landet. Kvifor politiet prioriterar disse vegane kan ikkje vere av fagleg art, men er nok eit forsøk på å fylle opp statskassa litt til.