Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2581 (2022-2023)
Innlevert: 17.06.2023
Sendt: 19.06.2023
Besvart: 30.06.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Kva vært den årlege bidraget i ferjeavløysingsordningen til Masfjordbrua etter det siste vedtaket i Stortinget?

Begrunnelse

Eg viser til mine tidlegare spørsmål om ferjeavløysingsordnignen og Masfjordbrua.
Under handsaminga av kommuneproposisjonen for 2024 fekk FrP og Høgre fleirtal for dette:

"Stortinget ber regjeringen sikre at fergeavløsningsprosjekter som ferdigstilles mellom 2022 og 2027, får ta del i rentekompensasjonsordningen i tråd med vedtak nr. 1251 (2020–2021), jf. Prop. 192 S (2020–2021) Kommuneproposisjonen 2022 og Innst. 660 S (2020–2021)."

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Forslaget om ei rentekompensasjonsordning for ferjeavløysingsprosjekt, slik den er presentert i Prop. 192 S (2020–2021) Kommuneproposisjonen 2022, gjaldt eit øyremerkt tilskot i tillegg til den ordinære ferjeavløysingsordninga. Det årlege bidraget gjennom ferjeavløysingsordninga innanfor rammetilskotet vil derfor ikkje endre seg som følgje av oppmodingsvedtaket som blei fatta i samband med kommuneproposisjonen for 2024. Kommunal- og distriktsdepartementet fastsette i mars i år det årlege beløpet med ordinære ferjeavløysingsmidlar til 21 697 000 kroner, og det beløpet ligg fast.
Når det gjeld den øyremerkte rentekompensasjonsordninga som det blir vist til i spørsmålet, vil regjeringa komme tilbake med ei oppfølging av Stortingets oppmodingsvedtak på eit seinare tidspunkt. Eg kan derfor ikkje seie noko om konsekvensane av vedtaket for enkeltprosjekt no.