Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram kva reell prosent ferjepriskutt som har blitt gjennomført med verknad frå 1/1-2022 og fram til dags dato?
Begrunnelse
Regjeringa og spesielt Ap har vore høge og mørke ang sine påståtte kutt av ferjeprisane.
Halvering av ferjeprisane har det blitt hevda av representantar av regjeringspartia.
Det har blitt rekna kutt i ferjeprisane med verknad frå 1/1-2021, dette var samtidig med at landet hadde ei borgarleg regjering, som pr 1/7-2021 kutta ferjeprisane med 25 %.
Realiteten er nok at dagens regjering kun har kutta ytterligare 25 % av ferjeprisane, samtidig som prisane har fått vanlig prisvekst, noko som igjen tar ned den totale effekten.