Skriftlig spørsmål fra Silje Hjemdal (FrP) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:2624 (2022-2023)
Innlevert: 22.06.2023
Sendt: 22.06.2023
Besvart: 29.06.2023 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Silje Hjemdal (FrP)

Spørsmål

Silje Hjemdal (FrP): Kan statsråden gi en grundigere forklaring på hvorfor man mener adopsjonssystemet i dag er godt nok, og på hvilket grunnlag man har foretatt en vurdering av å ikke stoppe adopsjoner midlertidig slik man f.eks. gjorde i Nederland?

Begrunnelse

I februar stilte jeg følgende spørsmål til barneministeren i Dokument nr. 15:1496 (2022-2023):

"Har statsråden vurdert å stoppe utenlandsadopsjon, frem til den uavhengige granskingen er gjennomført?"

Ministeren svarer:

"Nye lover og Haagkonvensjonen 1993, som Noreg ratifiserte i 1998, har styrkt rettstryggleiken ved utanlandsadopsjonar samanlikna med systemet før dette. Det skal no gjennomførast ei ekstern gransking av utanlandsadopsjonar. Bufdir har per i dag ikkje tilrådd stans i adopsjonar som ledd i eller som ein konsekvens av ei gransking. Eg har ut frå dette ikkje vurdert å stoppe utanlandsadopsjonar fram til den uavhengige granskinga er gjennomført."

Nå er det endelig fremdrift i arbeidet med den eksterne granskningen, men mange føler enda at man ikke har fått gode nok svar på hvorfor man ikke anser det som nødvendig å stoppe utenlandsadopsjoner i påvente av rapporten.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: I statsråd 20. juni 2023 sette regjeringa ned eit granskingsutval for utanlandsadopsjonar. Utvalet skal arbeide i to år, og det overordna føremålet med granskinga er å få svar på om det har skjedd ulovlege eller uetiske tilhøve i samband med utanlandsadopsjonar til Noreg.
Viss utvalet vurderer at adopsjonar til Noreg frå visse land bør stoppast, skal utvalet ta dette opp med Bufdir og departementet. Dette følgjer av mandatet til utvalet.
Det er Bufdir som er adopsjonsmyndigheit i Noreg, og som har ansvar for kontroll og tilsyn på feltet, og skal sikre at praksis er i samsvar med lovgivinga. Det blir oppstilt ei rekkje krav til adopsjonssamarbeid i adopsjonslova med tilhøyrande forskrift, samt i Haagkonvensjonen 1993 om vern av barn og samarbeid ved internasjonale adopsjonar. Bufdir er òg sentralmyndigheit etter konvensjonen. Direktoratet held departementet orientert om situasjonen på feltet og vurderar om adopsjonssystemet er forsvarleg. Som del av dette skal dei og gjere løpande vurderingar av stopp i adopsjonar frå enkeltland eller stopp i alle adopsjonar.
Bufdir har ansvar for å gi driftsløyve til adopsjonsorganisasjonane og formidlingsløyve til samarbeid med enkeltland. Desse er midlertidige. Når formidlingsløyva til kvart enkelt land skal fornyast, vurderer Bufdir òg spørsmål om forlenging eller avslutning av samarbeidet. Noreg kan stanse adopsjonssamarbeid med enkeltland ved behov, og dette er gjort i fleire tilfelle tidlegare. Det er viktig at Bufdir tar i bruk dei verkemidla dei har til å føre tilsyn og kontroll med adopsjonssystemet, og har ein god og open dialog med adopsjonsorganisasjonane. Noreg samarbeider i dag med svært få land, og i 2022 kom det til saman 45 barn til Noreg.
Som eg svarte representanten på hennar skriftlege spørsmål nr. 1496 (2022–2023), så har adopsjonsregelverket gått gjennom store endringar dei siste tiåra, særleg ved innføringa av nytt lovverk og ratifiseringa av Haagkonvensjonen 1993. Det stillast strengare krav til adopsjonssystema, og Noreg har som nemnt avslutta samarbeid med enkelte land. Dersom det kjem fram haldepunkt gjennom arbeidet til granskingsutvalet som skulle tilseie at adopsjonssystemet i dag ikkje er haldbart og ein stans i utanlandsadopsjonar til alle land, vil dette sjølvsagt måtte vurderast av Bufdir og departementet. Eg legg til at ein eventuell stans må vere grundig utgreidd.
Eg er opptatt av at folk skal vere trygge på at adopsjonar som skjer til Noreg i dag blir grundig vurderte med tanke på rettstryggleiken og barnets beste. Derfor er eg glad for at vi no har granskingsutvalet på plass.