Skriftlig spørsmål fra Grunde Almeland (V) til arbeids- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:2644 (2022-2023)
Innlevert: 23.06.2023
Sendt: 26.06.2023
Rette vedkommende: Barne- og familieministeren
Besvart: 04.07.2023 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Grunde Almeland (V)

Spørsmål

Grunde Almeland (V): Vil statsråden ta initiativ til at man sørger for at barnetrygd automatisk overføres til gjenlevende forelder med foreldreansvar for barn som mottar barnetrygd ved dødsfall?

Begrunnelse

I Aftenposten kunne man nylig lese at familier opplever at de etter dødsfall av forleder i familien opplever at barnetrygden stoppes. Der en av foreldrene, som oftest mor, dør på et sykehus eller i en annen institusjon, mottar familien en automatisk melding om at utbetalingen av barnetrygd stoppes.
Det oppleves som en stor belastning for familiene, som når de får beskjeden, står midt i en livskrise. Det bør være mulig å sørge for at barnetrygden overføres automatisk til gjenlevende forelder med foreldreansvar uten at den stoppes eller at det må søkes om at barnetrygden overføres til gjenlevende forelder.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Som ansvarleg statsråd for barnetrygdlova, er det eg som svarar på spørsmålet frå stortingsrepresentanten Grunde Almeland.
Barnetrygda er ei universell yting som blir utbetalt for alle barn busette i Noreg. Det følgjer av barnetrygdlova at barnetrygda blir utbetalt automatisk til mor til barnet ved fødsel, viss ikkje foreldra har gitt Arbeids- og velferdsetaten (Nav) melding om at barnetrygda skal utbetalast til far til barnet eller medmor.
Etter lova er det vidare foreldre som har barn buande fast hos seg som har rett til å få utbetalt barnetrygd for barnet. Det er vanleg at òg foreldre som ikkje bur saman, har felles foreldreansvar for barnet. Når ein av foreldra døyr, er det ikkje alltid at barnet flyttar til den andre forelderen. Viss utbetalinga av barnetrygd i desse tilfella automatisk blir overført til attlevande forelder med foreldreansvar, kan det resultere i at foreldre som ikkje bur saman med barnet får ytinga, og dermed føre til feilutbetalingar. Med dagens ordning sikrar ein mot dette. Det er per no ikkje planar om å gjere endringar i ordninga.
Når det er sagt, ser eg at det kan vere behov for å forklare og gi rettleiing i svaret som blir sendt frå NAV i slike saker. Eg vil difor be Arbeids- og velferdsdirektoratet (AVdir) om å vise større varsemd ved utforminga av meldingane som blir sende, samtidig som det blir gitt god rettleiing og bistand, som tek vare på attlevande i ein sårbar situasjon.