Skriftlig spørsmål fra Hege Bae Nyholt (R) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:2646 (2022-2023)
Innlevert: 23.06.2023
Sendt: 26.06.2023
Besvart: 03.07.2023 av justis- og beredskapsminister Emilie Mehl

Hege Bae Nyholt (R)

Spørsmål

Hege Bae Nyholt (R): Hvor mye ressurser settes av til å heve kompetansen om minoriteter og mangfold innad i politiet, PST og Politihøgskolen?

Begrunnelse

I politiets handlingsplan med mangfold, dialog og tillit (2022-2025) listes det opp en rekke mål for arbeidet i politiet med mangfold, dialog og tillit.
Vi vet at noen minoritetsgrupper i samfunnet oppgir å ha lavere tillit til politiet enn den øvrige befolkningen. Eksempelvis oppgir rundt 30 prosent av respondenter fra de skeive miljøene at de har ingen eller lav tillit til politiet, jf. en spørreundersøkelse utført av politiet i etterkant av angrepet natt til 25. juni 2022.
I 2021 ble det etablert et nasjonalt kompetansemiljø som skal jobbe med kompetanseheving i hele politiet om hatkriminalitet og ekstremisme. Flere minoritetsgrupper er særlig utsatte når det kommer til hatkriminalitet og ekstremisme. Nye tall fra politiets straffesaksbehandling fra 2022 viser at hver tredje hatkrimsak som havnet hos politiet rettet seg mot skeive personer.
Kompetansebygging om minoriteter og mangfold tar både tid og ressurser, og er ikke noe som skjer ved et pennestrøk. Arbeidet må være strukturert, systematisk og skje i alle ledd i de relevante etatene. Derfor ønskes det svar på hvor mye ressurser som settes av til dette arbeidet innad i politietatene.

Emilie Mehl (Sp)

Svar

Emilie Mehl: Eg har fått opplyst frå POD og PST at det er vanskeleg å vurdere nøyaktig kor mykje ressursar som er sett av til å heve kompetansen om minoritetar og mangfald i politiet og PST. Mange tema i arbeidet til politiet rører ved spørsmål knytt til minoritetar og mangfald. Kor mykje ressursar som er sett av i kvart enkelt politidistrikt, særorgan eller eining vil variere avhengig av storleiken til politidistriktet eller særorganet, arbeidsoppgåver osb.
POD opplyser at dei følgjer opp handlingsplanen for mangfald, dialog og tillit gjennom ei eiga koordineringsgruppe, og PST har sett ned ei mangfaldsgruppe som tek initiativ til interne aktivitetar. Politiet og PST bruker ressursar på fleire tiltak knytt til å heve kompetansen om kjønns- og seksualitetsmangfald m.a. i samarbeid med Rosa kompetanse justis. POD har t.d. i samarbeid med Rosa kompetanse utarbeidd ein webinarrekke i seks delar, som er gjort tilgjengeleg på læringsportalen til politiet.
Arbeid med mangfald og minoritetar inngår i det førebyggjande arbeidet til politiet. Det inngår dermed også i dei stillingane i politiet som er sett av til samfunnskontaktfunksjonar, som t.d. politikontaktar, mangfaldskoordinatorar/-kontaktar og radikaliseringskontaktar. Politikontakt skal vere verksame i alle kommunar, mangfaldskoordinatorar/-kontaktar er etablerte i dei fleste politidistrikt og særorgan, og radikaliseringskontaktar er etablerte i alle politidistrikt.
Konseptet «rettferdig politi» handlar om kommunikasjon og konflikthandtering. Dialogen og møtet til politiet med minoritetar er særskilt vektlagt. POD har to nasjonale hovudinstruktørar i 100 prosent-stillingar som gjennomfører opplæring for lokale instruktørar i alle politidistrikt.
I 2021 vart det oppretta eit nasjonalt kompetansemiljø innan hatkriminalitet. POD har bede politidistrikta setje saman grupper som i størst mogleg grad femnar alle sider av arbeidet til politiet. Gruppene skal gjennom 2023 få opplæring innan hatkriminalitet frå det nasjonale kompetansemiljøet og skal sjølve syte for vidare kompetanseheving i eige distrikt.
Det blir også nytta ressursar med kompetanse på minoritetar og mangfald innan personal- og HMS-arbeidet i alle politidistrikta, særorgan og einingar i politiet. Mangfald blir vektlagt i rekrutteringsarbeidet både i politiet og PST.
Ved Politihøgskolen (PHS) er det etablert eit fagmiljø som bidreg med både forsking, og etter- og vidareutdanning innan førebygging og etterforsking av hatkriminalitet. Det er også eit eige fagmiljø og etter- og vidareutdanning innanfor kulturforståing og mangfald. PHS har samla om lag seks årsverk til kompetansearbeid knytt til temaa minoritetar og mangfald. Desse fordeler seg på høvesvis bachelorstudiet, studiar innan etter- og vidareutdanning og administrativt. I tillegg kjem forskingsarbeid.